Innlegg

Viser innlegg fra 2013

1.1. 2014

Å unngå å skjere seg sjølv i bitar, tre inn i 2014 kun i eit stykke. Unngå å vere tannlaus.  Gå til tannlegen. Unngå nattarbeid. Unngå å unngå.Unngå å hive innpå sanningsserum. Unngå sprit. Stå opp før 10.00. Unngå tankelaus stirring. Unngå å sove på dagtid. Unngå soving.  Ete grønt. Ikkje ete noko i det heile, kanskje gras. Drikke tran. Jogge kvar dag. Kvar natt også, helst. Unngå å seie stygge ting. Unngå å seie noko som helst. Unngå folk flest. I verste fall ta springfart og rulle sidelengs ned til kjellermenneska. Opne opp for draumen, den ligg nede hjå tenkjarane. Kjenne seg sjølv. Gløyme seg sjølv?  Lide av, leve med eller leve ut rørslene? Mangt å unngå i 2014. Men leve, det må ein. Livet er  i alle høve ein konstant unntakstilstand, konglomerat av livs- og dødsprosessar.  Kanskje satse på å unngå den likbleike tragedien, men heller omfavne rørslene og livsprosessane.

Blues

Kyssar tonane i utsagnet ditt. Vandrar gatelangs. Blues. Byrden av dei kvilelause føtene, byrda av lyden. Kvilar tungt på pusten. Blues. Ei kronisk redd nerve lammar vegane. Strevar i takt mot tida, spring i takt mot tida. Blues. Ta tida og legg den tett inntil, skriv ut pusten din. Ser ein einsam varde, eit rart ansikt i mengda.

tankar frå Skjerveim - 2013

ta deg sjølv på alvor - bruk stemma ha vyrdnad for dei kviskrande fjella - dei ruvar, som vitne for det som ein gong var, skal du ta med Den fleirstemde historia. Ekko av slagkraftige røyster ta deg sjølv på alvor smelt saman med dei gløymde ideane forvalt kontrakta mellom deg, historia og fjella. då er du fri

Bobla

er under press

lukta av skuggen

lena seg frekt mot kvite bjelkar, hardt stål mot mjukt kvitt tre, lena seg freidig i skuggen av den rotne rododentrodnslekta og frekt med nasen vendt mot jorda - kven sin står berre der, plagar og lagar uro kvar kjem den frå så stille såg den gjennom glaset, fraus - tre dagar seinare var den vekk

"The Moon Is A Harsh Mistress" - (prøve på omsetjing)

Månen er ei rå herskarinne Sjå kor ho flyg Gullet seglar over himmelen Nær nok til å kjenne Ver varsam om du freistar Sjølv om ho syntest varm som gull Månen er ei rå herskarinne Månen kan vere så kald Ein gong skein ho, sola Herre, det kjendest godt Månen er eit skrømt av roseblad Skein gjennom fjell og tre Sidan la mørkret seg Månen er ei rå herskarinne Det er tungt å elska henne Eg falt ut av augo hennar Eg falt ut av hjartet hennar Eg falt på andletet mitt Eg missa stjerna mi,  i fallet Eg falt åleine, å kor eg eg falt Månen er ei rå herskarinne Himmelen er lagd av stein Månen er ei rå herskarinne Ho let seg ikkje eiga - J.Webb (Radka Toneff) Dette vart ei utfordring, då "månen" eigentleg er hankjønnsord...

I dag måla eg

I dag måla eg himmelen raud litt blå med noko kvitt øvst i hjørnet

Blå og grøne flekkar flerrar farlege

flekkar flakkar i flakkane, flekkane flerrar dei blå grøne bladgrøne blå verkande, kverkande flekkar kveikt av liv tomt trangt stramt strammar tinninga tam tam kniv sløvt kvin i det kvinet strammar tinninga tomt i dei verkande vakre kvakre grøne flekkane bladgørre grøne tørre flekkar dei knallar og fell av i dionysisk rus rus rus rrras rasar raserar  huset rasar raserar teglstein rasar raserar rasar saman i himmelen hammlen hummele hammelen i hugen rasar rasar rasande utan diesel. i himmelen kverkar flekkane og verkar med det er her nede alle dei gode sjelene fraktar legemet heim flakkande,  utan diesel.
det var den kvelden der var den klamra me kval kval kvalane i kvelden i rødvinskval kvalkvalar kvalar i kvelden det var den kvelden me kva visste me kva visste me ikkje noko visste me den kvelden i kvalen kvalane rødvinsrusen klamra med klamra meg klamra meg rødvinsrusen, klamra meg i kvalen kvalane det var den kvelden eg elska og eg kvala i kvalen elska eg klamra meg kvelden klamrar meg eg  i kvalen

Ta meg heim

taus tom torn full av tomme tause tårar stille stille tørre dropar raude strengar i augo ryggen står i svai piano strengar tause tørre dropar ei inntørka elv steinane mjuke hjarta hardt svirr svirr krri kra kro kro rop rop skrik i det tørre stille tomme tårar ta meg heim til tårane all lengsla løyndomen ta meg heim til løyndomen

To mareritt

16.5 2013 04.23  eit vert til tre  fire to mareritt rir Ryttaren rir Ryttaren i to mareritt i ritta rir Ryttaren halve hovudet til Hesten slår halve hovudet av Hesten slår fire halve timar i marr marr mareritt i rittet Ritt ritt ripp ripp rippar i rattet ripar i rittet Rippar ripp rapp i rattet til  Ryttaren slår to mareritt i  marerittet 16.05 2013 04.23 

Kveldsgrubling. Gåver, kva er det?

Eg visste nesten alltid kva eg fekk til jul av foreldra mine når eg var lita. Ingen av dei greidde å halde noko som helst hemmeleg for meg. Eg leita pakkane fram og knepte dei sund, nærmast. Eller greidde gjette meg til det. Den gåva eg hugser aller best er ikkje berre ein, men to Michael Jackson-kassettar. Kvifor eg ikkje visste kva det var eg skulle få akkurat den julekvelden? Dei var innhylla i eit skjerf... Smart tenkt, mamma. Det er derfor eg hugser det så godt, den julafta oppe på barnerommet, med Off the Wall og Thriller i kassettspelaren. Og full dans på golvet. Eg var vel ni, ti...Noko av det vakraste minnet eg har. Den julafta veg opp for alle, både før og etter. Men eg greier ikkje gjette meg til gåver lengre. Det er vel derfor dei vert oppfatta som gåver. Det er derfor desse gåvene er ekstra vakre. Særleg når dei kjem uventa, heilt ubetinga og nakne. Ein setning, eit ord. Ei enkel handling. Eit blikk, eller ei varm hand. Ein samtale. Heilt uventa. Eg vert overvelda over ...

Eit ord frå deg

eit ord frå deg er havet eit ord frå deg er lagra i  vrimmelen av mine eit ord frå deg klamrar seg fast i vrimmelen av mine rop dei bit meg i mi klamring iglar seg på mine rop eit ord frå deg skil havet ditt frå mitt

Tankar om ein diktar

diktaren lyt vera  vis vrang kjempa  slag leva varig vera  vrang vera einsemd mørket ber han fram i kunsten ei horisontsmelting bilda lever  i han anden leikar kranglar skin snart stilnar  kvelden ugla  kler taket med ro kvar enda desse krigarane dei vart frårøva pil og boge gjekk heim til sine

Ustrukturerte kvardagstankar. Om unnatakstilstand og bruk av sosiale media.

Livet for meg og katten er for tida prega av ein konstant unnatakstilstand. Kva tid skal det verte normaltilstand? I juli? August? Til jul? Om tre år? Ophelia (altså katten min), vert uroleg kvar gong eg byrjer å pakke sakene mine, pakke inn livet, for å pakke det ut att. Det er som om ho er uroleg på mine vegne.  (Kvar skal eg bu no? Skal matmor reise i frå meg? Skal eg verte sett ut på gata?)  Kattar kan vel tenkje dei som oss. Det likar eg å tru. Det har eg i alle høve lese i barnebøker. At dei kan tenkje og til og med snakke. Eg gjer alle dei "rette" tinga. Studerer til mastergrad, har arbeid.  Engasjerer meg i kulturliv, studentliv, skribentverksemd, osb. Alt dette er heilt strålande, og eg elskar det. Sjølv om eg er blakk, klatrar eg likevel på eigen stige, ikkje andre sin. Eg har valt feil stige før. Den vart for høg. Eller for låg, alt etter korleis ein ser det. Eller eg prøvde å klatre på andre sin stige. No har eg valt den rette stigen, og den er berre min, å...

Kveldsgrubling.. det vakraste av alt, kva er det?

Eit noko klønete og generalisert forsøk på perspektiv. På ein sneversynt fredag. I dag er eg forbanna på "ismar" og ideologi-bullshit. Av ein eller annan grunn slo det meg litt ned. Forbanna på dei som påstår dei skriv "sanninga". Kva er sanning? Før, under og etter til dømes i krig og konflikt? "Skuldig" eller "uskuldig", politisk "høgre" - "venstre", "meg" -" dei andre". . Vi (inklusive meg) tenkjer i binære opposisjonar. Vi tenkjer for lite syklisk,  for mykje lineært trur eg.  Vi syng dei same songane, alle. Men vi tek ikkje innover oss dei såra som aldri gror.  Er vi for redde for å sjå,  eller finst det ein mekanisme vi er utstyrt med, ein mur, eit teppe som fargar hjernebarken grå? Eg gret på menneska sine vegne. Eg trur på tilfeldigheiter meir enn absolutt sanning. Eg trur ikkje på svart - kvitt.  Eg vert mindre og mindre klok på menneska for kvar dag eg vert eldre. I morgon skal eg gle...

Stabb

hah hah hah stabbestein hogg e stabb stein hah ha jah lim meg fast i giljotinen i hogge stabben gapestokken ja gap du gapalause maka lause skru meg fast i gapet gap gap gap est st st  okken skra skra skru meg på set meg fast under i stabbesteinen stabb stabb kliss kliss klass hogg hogg høgg hah ha jah

Medium

knip krappe krampe krr krr krip krip krup krampe i magen det krip og krampar i saknet eg saknar det vakre vakrrrrr kr kr du saknar det vakre vare frrrrrrø i magen eg sådde i magen sådde sådde stille still still stilla still spurde ein stille spurv om eitt og anna sådde krappe knappe krokusar i magen den knip framleis still still stilk stilk strå frø

Det skin att

det skin att i dikta dine eksistensens uuthaldelege sorglause - det skin att i dikta skin skinn skinn - du står lageleg lagelig legg deg til for hogg høgg høgg det - skin att mellom linene dine eksistensens evige heimkome den evige heimkome kom att tyngd skin att skin skinn skinn skinn att i dikta dine

sprikar og sprakar

fråfall  av sprak  setningane står  i strid kjempar ein kamp mot  setningane strid og skrik mot meg det snakkar  sprikar og sprakar  snakkar sprakar knakar brakar  i setningane kjem ikkje  gøymer seg dei strid  kjempar i mot i rot rot røter røter rot i røtene  i stammene dansar kavsar krimsar krinsar rundt røtene  sta og steile er setningane dei  vil ikkje vere  med det snakkar og snakkar og sprakar  sprikar   sprekk sprekk sprikk strikken er strukke strikken strammar strengt  stemmane brakar kravlande krevjande  revnar det revnar det raknar revnar raknar det setningane steilar og kvernar i spraket  dei går sin veg og eg når dei ikkje

Rotlaus

Svinepest, kniving i krikar og krig i inste krinkelkrokar Bla Bli blu Du er krig krafsar kravlande krav kri kru kurr kurr Svinepest kniving i inste attgløymde krinkel krokar hol i armar og kribling i krokane krig kri kr kurr kurr krr krr Du er krig krafsar kravlande brunstig og steil Bla bli blue du

Ei kveikt flamme var sorg.

Hjarta pulsen liv pulserande liv og eksistensielt daude. Språkdaude, åndsdaude. Taktlause. Vitalitet forringa av konstante trådar, konstante usynlege sylskarpe trådar - dei omsluttande sylskarpe trådane - dei viklar seg inn i andre trådar, kva er livskvalitet, verte fødde til å takla døden - vi er fødde og då i same sekund  innvia i dødens mysterium. Lev og pulserar og viklar alle trådane inn i andre trådar - kva er kvalitet, kva er liv, kva er død, - dei omsluttande angstfulle vengjene er svarte, øydelagde av olje og anna skitt - trådane trekk ut blodet - trådane parterar, knivar, knekk hjarta. Ikkje hjarta av kjøtt og blod, ikkje hjarta i kjæleikens tråd - men hjarta som nerva, hjarta som anden, pusten. Hjarta er det andre. Det er ikkje her. Livskvalitet gjev sylkvasse håp ringare, laupande flaum i kvelden, den lapuande flamuen i kvelden og i natt. Flamma kveikte sorg. Kva er liv?

Poesidigg

Bilde

Innlegget mitt før visninga av "Den andre mannen", laga av Vigdis Nielsen

Det finst mange slags mennesketypar. Dei vert delt inn i kategoriar,  noko ein kan sei er svært fordelaktig om ein arbeidar innanfor psykiatrien. Vi har ulike former for kategoriseringar, og fagterminologien operer med nemningar som personligdomsforstyrringar, emosjonelt ustabil, narsissistisk, paranoid, schizoid, hysterisk og så vidare. Kategoriene er etter mi meining, utan at eg kan kallast ekspert, eit verkty for å  objektvisere   "avvikaren".  Kategorisering er eit verkty for å tilfredstilla analytikarar og medisinforskarar. Ein skal sjølvsagt ikkje bagatellisera dette arbeidet. Eg vil berre prøva å nyansera dette bilete noko. Ei relevant problemstilling, som mange antakeleg har spurd seg sjølve, er følgjande: Kva med mennesketypane som   ikkje passar inn   i kategoriane, dei som ikkje treng diagnostiserast. Kven er dei? Er dei gjennomsnittet, summen av den generelle oppfatninga av kva som er   normalen ? Er dei daude sjeler? I kv...

SPRÅKSTRID!

I kva forhold til relative forhold til kva er det ein veg ut av desse relative forholda i høve til det nye månen eller var det den gamle i kva tid eller kva snakkar du om språk? Me snakkar og er  snakkisar og hengisar med nynorskmafiaen og bokmålsmafiaen i berg og dalbanar me leikar med fisken i havet og me snakkar oss saman i ein leik me leikar og er snakkisar og går på vatnet og trekk vatnet ut or fjorden og spring ned mot botnen og leiar kvarandre der nede i kavet utan båt og ikkje vind, me snakkar og snakkar og er snakkisar og les og kva sa du? I fohold til kva sa du relativt mykje sa du i forhold til det relative sa du men då vart det stopp. Du seier Jamenn Jamenn det heiter ikkje HØVE eller ANDSYNES kven seier slikt i dag det er jo heilt sjukt JO me seier det for me leikar med fisken nedi kavet og me diggar nynorsk me diggar nynorsk ja me diggar og leikar og dugleik og samkvem og andsynes og hugnad og lagnad og hugleik nynorsk er ein leik og ka snakkar du om du skal eg ...

Cicero

Leika med eld Var visdom Dei såg han ikkje Levde i vantru Ordkunst er krigskunst Vettuge eller ei Han slo med avsaga hand Og slik enda han

Kva ventar?

Kva ventar utanfor? Ikkje noko, alt er berre heilt stille. Det er heller ingen som står utanfor og gløttar inn glaset. Alt er stilt, kaldt og ei venting. Ei venting. Alt ventar. Alle. Du gløtta aldri inn glaset, du opna det og steig inn. Utan å spørje, steig du inn. Kva ventar utanfor? ikkje noko særskildt. Dei som står der syng alle den same songen, det som er der har ikke endra seg. Kjem aldri til å endre seg. Du banka aldri på den varme ruta, du opna ho og steig inn. Utan å spørje, steig du inn. Og du trampa med begge føtene. Litt hardt, men samstundes mjukt. Hardt og varmt på same tid. Du steig inn. Og ut att. Kva ventar utanfor.