Innlegg

Viser innlegg fra desember 30, 2013

1.1. 2014

Å unngå å skjere seg sjølv i bitar, tre inn i 2014 kun i eit stykke. Unngå å vere tannlaus.  Gå til tannlegen. Unngå nattarbeid. Unngå å unngå.Unngå å hive innpå sanningsserum. Unngå sprit. Stå opp før 10.00. Unngå tankelaus stirring. Unngå å sove på dagtid. Unngå soving.  Ete grønt. Ikkje ete noko i det heile, kanskje gras. Drikke tran. Jogge kvar dag. Kvar natt også, helst. Unngå å seie stygge ting. Unngå å seie noko som helst. Unngå folk flest. I verste fall ta springfart og rulle sidelengs ned til kjellermenneska. Opne opp for draumen, den ligg nede hjå tenkjarane. Kjenne seg sjølv. Gløyme seg sjølv?  Lide av, leve med eller leve ut rørslene? Mangt å unngå i 2014. Men leve, det må ein. Livet er  i alle høve ein konstant unntakstilstand, konglomerat av livs- og dødsprosessar.  Kanskje satse på å unngå den likbleike tragedien, men heller omfavne rørslene og livsprosessane.