Innlegget mitt før visninga av "Den andre mannen", laga av Vigdis Nielsen



Det finst mange slags mennesketypar. Dei vert delt inn i kategoriar,  noko ein kan sei er svært fordelaktig om ein arbeidar innanfor psykiatrien. Vi har ulike former for kategoriseringar, og fagterminologien operer med nemningar som personligdomsforstyrringar, emosjonelt ustabil, narsissistisk, paranoid, schizoid, hysterisk og så vidare. Kategoriene er etter mi meining, utan at eg kan kallast ekspert, eit verkty for å objektvisere  "avvikaren".  Kategorisering er eit verkty for å tilfredstilla analytikarar og medisinforskarar. Ein skal sjølvsagt ikkje bagatellisera dette arbeidet. Eg vil berre prøva å nyansera dette bilete noko.

Ei relevant problemstilling, som mange antakeleg har spurd seg sjølve, er følgjande:
Kva med mennesketypane som ikkje passar inn i kategoriane, dei som ikkje treng diagnostiserast. Kven er dei? Er dei gjennomsnittet, summen av den generelle oppfatninga av kva som er normalen?

Er dei daude sjeler? I kva for kategori kan dei plasserast innanfor? Når vart det slik at me ynskte å verta definert som normale og gjennomsnittlege, framfor å være unik? Eg har alltid undra meg over kven disse menneska er. Korleis dei lev,  kva dei ynskjer av livet.  Kanskje det er desse spissborgarane, som eksistensfilosofen Kierkegaard plasserte utanfor kategoriane? Dei som ikkje evnar eller kanskje heller ynskjer å reflektere over si eiga eksistens, men berrer driv av garde i ei overflateverd.  

Menneska sin irrasjonalitet er etter mi meining noko av det vakraste vi kan oppleve og utforske. Det er irrasjonaliteten  andsynes alt som gjev oss den substansen, eller for å bruke eit meir heimleg ord: den indre kjerna som skil oss frå alt anna.

Det er irrasjonaliteten som gjer oss unike og ulike.  Melankolien lækjar dei sjelene som ikkje finn sin plass i rasjonalitetens verd. Det er ikkje likelydande med at dei er uvitande eller er ikkje-logisk tenkjande vesen. Rasjonalitet er nemleg eit tidsbestemt og etter mi meining eit kulturelt omgrep. Men melankolikarane , i sin resignasjon, i sin frustrasjon over absurditeten ved eksistensen vår, dei søkjer til kunsten. Dei søkjer til kunsten for å tolke verda, og føre vidare sin tolking. Dei ser verda og eksistensen i eitt nytt ljos. For å gje verda ei ny stemme. 
Melankolien er en medisin for eit, om ein kan kalle det "skada" eller sart åndeleg vesen. Den lyfter opp, korresponderar, og gjev det som ikkje kan gripast mogleg og  handterleg. I ei absurd verd.
Kan ein då snakka om personlegdomsforstyrringar?


Den andre mannen (2008)
For dette er nemleg mykje av det livet til Hauge handla om, tenkjer eg. Hans eigne eksistensielle problemstillingar og krisar. 
Den andre mannen,  laga av skaparen Vigdis Nielsen i 2008,  er eit ope og samvitsfullt portrett.  Filmen syner oss Hauge sin rike kjenslevare personlegdom og visdom.
Den er samstundes eit vitnesbyrd om den stridande diktaren,  ei reise inn i Hauge si irrasjonelle verd. Portrettet, med sine ulike verkemiddel, har greia å fange opp Hauge sjølv sine sinnstemningar. Dei kosmiske kreftene. Hauge og den andre mannen i han, ”den som kjem til ords” som han sjølv skriv.

Men denne dokumentaren handlar ikkje berre om Hauge sine krisar, sin einsemd og kamp både med og mot sin eiga dikting.  Den handlar heller ikkje berre om slit og strev som arbeidsmann i den verkjelege verda.
Det er ein film om kjærleik, varme og omsorg.  Det ikkje minst ein film om venleik,  vist gjennom dei ulike vitnesbyrda frå ulike anekdotar og opplevingar fortald av Bodil Cappelen, Jon Fosse,  Einar Økland, Idar Stegane, Erling Lægreid og fleire sambygdingar. Den handlar om det å leve ut si eiga historie og fylgja det som ligg hjartet nærast. For Hauge hadde vel eigentleg ikkje noko val. Han ville lesa og skriva, sjølv om det av og til førde han plassar han ikkje hadde godt av å vere.  Nielsen har til sjuande og sist greidd å illustrere ei kjensle av forløysing, som kjem tydeleg fram utover i filmen.

Dette er eit vakkert, samvitsfullt og viktig historisk dokument.  Med musikaliteten, det visuelle og dei
vekslande poetiske bileta,  manar det fram dei ei stemning som eg meiner ikkje berre vil gje appell til lesarkrinsen og spesielt interesserte, men til andre menneske òg.  For vi kjem sannsynlegvis sjølve til å støyte på melankoliens suggererande og skapande kraft på eit eller anna tidspunkt i livet, i større eller mindre grad.
Då er det godt å venda seg til kunsten, for det er i kunsten vi kan setja ord det på unemnelege.  Det som kjem ved ”sida” av det normale.  Då er det godt å venda seg til Hauge.

 - Venelaget Olav H. Hauge - 
som leiar i Venelaget Olav H. Hauge  vil eg nytta høve til å reklamere litt for oss til slutt.  Me er eit frivillig lag med høgste mål om å skapa meir blest og interesse for Hauge sin dikting, sjølv om han allereie er vidkjent langt utover landegrensene.  For meg personleg gjeld dette særskilt dei yngre generasjonane.  Laget tel rundt 300 medlemer,  me er eit styre på fem styremedlem som møtest to gonger i halvåret for å planlegge ulike arrangement og andre tiltak.  Me arbeider tett med Ulvik poesifestival og det nyss opna Haugesenteret i Ulvik. Ikkje minst gjev me ut medlemsblad eit par gonger i året der bidragsytarar skriv om blant anna sitt tilhøve til Hauge,  og elles anna relevant stoff.
Alle står fritt til å senda inn bidrag. Neste tema for medlemsheftet vil vere Språkåret 2013. Meir om dette kan de lesa på nettsida venelagethauge.no. (Eg vil berre minna om at denne er under oppdatering). Me har også ei facebookside for dei som nyttar sosiale medier: de kan søkja på Venelaget Olav H. Hauge og be om å verte lagt til. Der kjem ulik info om arbeidet vårt, samt anna stoff om Hauge. 
Dersom de ynskjer å vita meir kan de kontakta meg der, eller på e-post: post@venelagethauge.no
 Me er elles avhenging av inntektene frå medlemene våre. Det kostar berre 200 kr,- årleg,  og eg oppmodar alle som ynskjer å stø arbeidet vårt om å melda seg inn.

Då vil eg til sist takka for meg og ynskje dykk ei god filmoppleving.



Populære innlegg fra denne bloggen

I nye kroppar

Iran

Framand