Ustrukturerte kvardagstankar. Om unnatakstilstand og bruk av sosiale media.

Livet for meg og katten er for tida prega av ein konstant unnatakstilstand. Kva tid skal det verte normaltilstand? I juli? August? Til jul? Om tre år? Ophelia (altså katten min), vert uroleg kvar gong eg byrjer å pakke sakene mine, pakke inn livet, for å pakke det ut att. Det er som om ho er uroleg på mine vegne.  (Kvar skal eg bu no? Skal matmor reise i frå meg? Skal eg verte sett ut på gata?)  Kattar kan vel tenkje dei som oss. Det likar eg å tru. Det har eg i alle høve lese i barnebøker. At dei kan tenkje og til og med snakke.

Eg gjer alle dei "rette" tinga. Studerer til mastergrad, har arbeid.  Engasjerer meg i kulturliv, studentliv, skribentverksemd, osb. Alt dette er heilt strålande, og eg elskar det. Sjølv om eg er blakk, klatrar eg likevel på eigen stige, ikkje andre sin. Eg har valt feil stige før. Den vart for høg. Eller for låg, alt etter korleis ein ser det. Eller eg prøvde å klatre på andre sin stige. No har eg valt den rette stigen, og den er berre min, åleine. Og den er utruleg kjekk å klatre på. Den har fin farge, og luktar godt. Det kjekkaste av alt i verda er å verte kjent med nye, spennande og gode menneske, som eg har gjort den siste tida. (!) Same kva stige dei klatrar opp eller ned på.

Men unntakstilstand er det i alle høve. Dette vart ein digresjon, i feil rekkefølgje.

Til poenget. Når det gjeld bruken av facebook, jf. siste hjerneforskinga/artiklar (les: dommedagsprofetiar)  som sirkulerar på nett, vil eg lufte tankane om at det er kan hende ei skam kor mykje ein skriv/legg ut bilete og oppdateringar om seg sjølv.  Narsissisme,  forklarar hjerneekspertane det med. Eller einsemd, for somme. Men det gjeld vel kanskje dei som skriv om middagen sin. (?)  Eg er ikkje einsam, (innimellom sjølvsagt, men det er det eg vil kalla konstruktiv einsemd, altså god og viktig einsemd). Men eg likar å skrive. Mykje. Det er slik eg er. Både om generelle tema som opptek meg,  og meg sjølv. Ikkje kva eg åt til frokost. Men tankar. Eksistensielle spørsmål.  Eg kjenner meg ikkje heilt att i den påståtte narsissismen til dei som sit på facebook dag ut og dag inn og informerer om kva dei et til middag,  som ekspertane konkluderer med.  Ikkje for det,  det er vel meir normaltilstand å vere narsissistisk til ein viss grad. Eg lyg om eg seier noko anna.  Alle er det, eg trur det er ein del av menneska sin natur. Men eg kjenner meg att i rastlause, kjenner meg ufrivillig drege inn i ein slags post- post - post - postmoderne "hypervirkelighet"/"eit simulasjonssamfunn", for å bruke fancy termar.

For kanskje eg brukar facebook eller twitter "feil". Kanskje eg har missforstått konseptet. Ein skal ikkje utlevere sitt innerste sjølv, ein skal berre legge ut skrytehistoriar. Er det slik det er?

Blogg er sjølvsagt noko litt anna, her kan lesarar velje sjølv. Det er greitt, syns eg. Men når eg er i unnatakstilstand vert det litt overforbruk av sosiale media.  Når ein er stressa, rastlaus, uroleg og konsentrasjonsevna er nedsett. Det som er ironien i dette, er nettopp at ved bruk av sosiale medium, som twitter og facebook, (seiar ekspertane), påverkar dette konsentrasjonsevna negativt. (Dette vart ein lang setning). Det vert for mykje informasjon - og hjernen endar opp med å lage filter, heilt ufrivillig.  Sjølv om det berre er ei virtuell røyndom, sit vi (eg) likevel med ei kjensle av samkjensle med facebook-vener.  Men det er kan hende ein illusjon?

Ein kan konkludere med at å lese bøker og aviser er betre for hjernen, det seier ekspertane. Og eg får ikkje til å skrive eller lese godt om eg sit for mykje på facebook. Men kva så med kvardagspraten? Ein kan ikkje berre prate med seg sjølv. Kanskje gå meir ut? Invitere folk heim til seg? Det likar eg. Og det skal eg gjere meir av. Og invitere meg sjølv heim til dei eg trivst med, til og med.

Eg gler meg til å finne ro og fred i min nye bustad, i meg sjølv, og vonleg kome i gang med ein ny epoke i livet mitt. Kan hende livet framleis vert prega av unntakstilstand. Kanskje livet er ein evigvarande unntakstilstand. Kanskje det må vere slik. Me fer sjao.

Populære innlegg fra denne bloggen

I nye kroppar

Iran

Framand