fråfall av sprak setningane står i strid kjempar ein kamp mot setningane strid og skrik mot meg det
snakkar sprikar og sprakar snakkar sprakar knakar brakar i setningane kjem ikkje gøymer seg dei strid kjempar i mot i rot
rot røter røter rot i røtene i stammene dansar kavsar krimsar krinsar rundt
røtene sta og steile er setningane dei vil ikkje vere med det
snakkar og snakkar og sprakar sprikar sprekk sprekk sprikk strikken er
strukke strikken strammar strengt stemmane brakar kravlande krevjande revnar det revnar det raknar revnar raknar det
setningane steilar og kvernar i spraket dei går sin veg og eg når dei ikkje