Innlegg

Viser innlegg fra mai 3, 2017

Slagside

jaktar på forteljinga, vil ikkje at forteljinga skal opphøyre! jaktar på meir stoff, nært, framandt, uhyggeleg, søkt, uhøyrt, bekvemt, kvasst, intenst, varmt, sterkt jaktar og jagar meg sjølv i akten kvar finn eg ho? er ho der ute? stoffet forsvann på utpust lungene er vortne kolsvarte no leitar og gret, leitar i raseri forteljinga mi er vekke, ho forsvann under dekke av å vere forbi løyste seg opp og sveiv bort nektar å trekke pusten før eg finn ho att!