Innlegg

Viser innlegg fra mars 29, 2012

Er det ulvar i veggen, Gaiman?

Det som kan kallast vettugt og stiplar seg fram i hovudet mitt, kjem  gjennom åndeleg stimulans, litteratur. Men også rødvin, og sigarettar. Gåturar, helst opp til eit par timar. Hard asfalt gjev byen urban kulde, hard asfalt, lik betong. Det er noko altfor fast og urokkeleg ved hard asfalt. Eg likar ikkje hard asfalt. Kun i bil. Men eg likar å traske å gå, helst lange turar, fjellturar. Det er lenge sidan eg har vore i selet på Tjønnarbu. Der vil eg traske opp i nærmaste framtid, aleine når det kjem vår. Der kan eg skrive. For våren kjem vel i 2012 også vonar eg? Eller er det slutt? Det er ikkje ulvar i veggen min Neil Gaiman, eg har ikkje høyrd dei enno. Kanskje dei krafsar for lågt? Men eit lilla monster under senga, Arne Svingen. Det trur eg er på veg mot meg no, for å sjå ka eg skriv på.  Men då klatrar eg ikkje ut av det altfor lite loftsvindauget og håpar på at nokon kan ta imot.Nei eg hentar meg ein kartong med vin, så kan vi drikke oss fulle her ...