Innlegg

Viser innlegg fra februar 8, 2012

Lukke=illusjon?

Å verte eldre er det same som å byrje eit nytt liv om og om att, sa forfattaren Håvard Rem. (min oversettelse) Men  mennesket si lengsle etter lukke,  vert den realisert i desse nye liva? Kanskje lukka låg der, ein tendens, ei lukke som me ikkje såg i overgangane. Den lurte under teppet, i treverket.. Eg trur draumen er nyttig, eg trur det er draumen me ber på som gjev oss liv. Sjølvrealisering i dag handlar, etter mitt syn, for mykje om idealet etter å skulle realisere sine potensial. Å skulle ta eigne valg, stå for dei og til slutt, då kan ein få "lukkegevinst".  Men er dette nok? Vil ikkje det eine vi strekkjer oss etter, det som vi hardt jobbar mot, det som driv oss. Vil ikkje dette svinna hen, forvitra ved målstreken?