Kveldsgrubling.. det vakraste av alt, kva er det?
Eit noko klønete og generalisert forsøk på perspektiv. På ein sneversynt fredag.
I dag er eg forbanna på "ismar" og ideologi-bullshit. Av ein eller annan grunn slo det meg litt ned.
Forbanna på dei som påstår dei skriv "sanninga". Kva er sanning? Før, under og etter til dømes i krig og konflikt? "Skuldig" eller "uskuldig", politisk "høgre" - "venstre", "meg" -" dei andre". .
Vi (inklusive meg) tenkjer i binære opposisjonar. Vi tenkjer for lite syklisk, for mykje lineært trur eg. Vi syng dei same songane, alle. Men vi tek ikkje innover oss dei såra som aldri gror.
Er vi for redde for å sjå, eller finst det ein mekanisme vi er utstyrt med, ein mur, eit teppe som fargar hjernebarken grå?
Eg gret på menneska sine vegne. Eg trur på tilfeldigheiter meir enn absolutt sanning. Eg trur ikkje på svart - kvitt. Eg vert mindre og mindre klok på menneska for kvar dag eg vert eldre.
I morgon skal eg glede meg over dei små, enkle og vakre tinga i livet. Eg skal drikke i godt selskap med gode vener. Le. Snakke. Danse og sanse.
Kanskje vi skal byrje å spørje dyra likevel? Kva klokt har nokon gong kome ut av å spørje oss sjølv kva som definerer rettferd, kva som er menneskeverd, kvar vi finn absolutte sanningar?
Men menneska er vakre vesen. I sin styggedom er dei vakre. Berre spør dyra. (!) Har dyra nokon gong anklaga oss?
Det vakraste av alt er Natur, Borna og Dei Eldre. Læremeistarane våre. Dei eldre er historia. Skriftene. Berre vi kunne lære noko av dei. Oss unge midtlivs-sjeler kan tautrekkje og knive så mykje vi berre vil.
Helsing ein livsnytande pessimist!