Kveldsgrubling. Gåver, kva er det?
Eg visste nesten alltid kva eg fekk til jul av foreldra mine når eg var lita. Ingen av dei greidde å halde noko som helst hemmeleg for meg. Eg leita pakkane fram og knepte dei sund, nærmast. Eller greidde gjette meg til det. Den gåva eg hugser aller best er ikkje berre ein, men to Michael Jackson-kassettar. Kvifor eg ikkje visste kva det var eg skulle få akkurat den julekvelden? Dei var innhylla i eit skjerf... Smart tenkt, mamma. Det er derfor eg hugser det så godt, den julafta oppe på barnerommet, med Off the Wall og Thriller i kassettspelaren. Og full dans på golvet. Eg var vel ni, ti...Noko av det vakraste minnet eg har. Den julafta veg opp for alle, både før og etter.
Men eg greier ikkje gjette meg til gåver lengre. Det er vel derfor dei vert oppfatta som gåver. Det er derfor desse gåvene er ekstra vakre. Særleg når dei kjem uventa, heilt ubetinga og nakne. Ein setning, eit ord. Ei enkel handling. Eit blikk, eller ei varm hand. Ein samtale. Heilt uventa. Eg vert overvelda over kor mykje gåver enkelte menneske går rundt og ber på. Og er i stand til å gje. Til meg. Og andre rundt seg.