SPRÅKSTRID!




I kva forhold til relative forhold til kva er det ein veg ut av desse relative forholda i høve til det nye månen eller var det den gamle i kva tid eller kva snakkar du om språk? Me snakkar og er  snakkisar og hengisar med nynorskmafiaen og bokmålsmafiaen i berg og dalbanar me leikar med fisken i havet og me snakkar oss saman i ein leik me leikar og er snakkisar og går på vatnet og trekk vatnet ut or fjorden og spring ned mot botnen og leiar kvarandre der nede i kavet utan båt og ikkje vind, me snakkar og snakkar og er snakkisar og les og kva sa du? I fohold til kva sa du relativt mykje sa du i forhold til det relative sa du men då vart det stopp. Du seier Jamenn Jamenn det heiter ikkje HØVE eller ANDSYNES kven seier slikt i dag det er jo heilt sjukt JO me seier det for me leikar med fisken nedi kavet og me diggar nynorsk me diggar nynorsk ja me diggar og leikar og dugleik og samkvem og andsynes og hugnad og lagnad og hugleik nynorsk er ein leik og ka snakkar du om du skal eg gje deg ei ordbok? Jammen hvor er Øverlands blåe ordbok? Nei nu, efter dette! Nu må jeg finne den blåe ordbok og kaste bort kasta og nu er det nukk! No trekk me oss ut og ned mot botnen og leikar der nede i kavet no seier me oss leie av strev og stress og slit og slang og knot og kråke og krav og krise. Kva seier du kva for fyr kva for styr. Er ikkje alt språk intertekstuelt og fullt av referanserikdom. Men de, dikkan, dykk dokker kva skal dokker nynorsk er nazispråk ja det er vel og noko betre enn kvasispråk og i alle høve. Eg passar på språket ditt så kan du passa på mitt eller eg passar på språket ditt og du må passe deg eg er Gud og mitt ord er lov. Stikk av din bondske faen og kom deg ut av språket mitt og hald hatten min når eg kjem inn døra og still deg bak den -  og alt eg skriv er rett og alt du skriv er gale. Kva er kultur du er ikkje min kulturminister du meistrar ikke kulturuka eg skulle ha freista å meistra  ikkje stel min kultur ikkje stel mitt språk og ikkje kast bensin på språket. Nu er det efterhånden vor meget for mig at tolerere! Knoteknut med knalle augo og stjernor i handa og blodraude knoteknokar - kom ut av skåpet din kåte knotetåpe med gamal illeluktane kåpe. 

Populære innlegg fra denne bloggen

I nye kroppar

Iran

Framand