Dine trådar
Tullar meg ofte inn i eit blått, mjukt pledd du vov til meg ein gong. Gøymer meg i dei varme trådane når pusten stoppar opp. Det er slakt og fillete no. Men den vakre veven eg omkransar meg med er dine trådar. Dei slitnar aldri.
Tekstar og dikt av bibliotekar og formidlar Theresa Wallevik