Innlegg

Tankar om ein diktar

diktaren lyt vera  vis vrang kjempa  slag leva varig vera  vrang vera einsemd mørket ber han fram i kunsten ei horisontsmelting bilda lever  i han anden leikar kranglar skin snart stilnar  kvelden ugla  kler taket med ro kvar enda desse krigarane dei vart frårøva pil og boge gjekk heim til sine

Ustrukturerte kvardagstankar. Om unnatakstilstand og bruk av sosiale media.

Livet for meg og katten er for tida prega av ein konstant unnatakstilstand. Kva tid skal det verte normaltilstand? I juli? August? Til jul? Om tre år? Ophelia (altså katten min), vert uroleg kvar gong eg byrjer å pakke sakene mine, pakke inn livet, for å pakke det ut att. Det er som om ho er uroleg på mine vegne.  (Kvar skal eg bu no? Skal matmor reise i frå meg? Skal eg verte sett ut på gata?)  Kattar kan vel tenkje dei som oss. Det likar eg å tru. Det har eg i alle høve lese i barnebøker. At dei kan tenkje og til og med snakke. Eg gjer alle dei "rette" tinga. Studerer til mastergrad, har arbeid.  Engasjerer meg i kulturliv, studentliv, skribentverksemd, osb. Alt dette er heilt strålande, og eg elskar det. Sjølv om eg er blakk, klatrar eg likevel på eigen stige, ikkje andre sin. Eg har valt feil stige før. Den vart for høg. Eller for låg, alt etter korleis ein ser det. Eller eg prøvde å klatre på andre sin stige. No har eg valt den rette stigen, og den er berre min, å...

Kveldsgrubling.. det vakraste av alt, kva er det?

Eit noko klønete og generalisert forsøk på perspektiv. På ein sneversynt fredag. I dag er eg forbanna på "ismar" og ideologi-bullshit. Av ein eller annan grunn slo det meg litt ned. Forbanna på dei som påstår dei skriv "sanninga". Kva er sanning? Før, under og etter til dømes i krig og konflikt? "Skuldig" eller "uskuldig", politisk "høgre" - "venstre", "meg" -" dei andre". . Vi (inklusive meg) tenkjer i binære opposisjonar. Vi tenkjer for lite syklisk,  for mykje lineært trur eg.  Vi syng dei same songane, alle. Men vi tek ikkje innover oss dei såra som aldri gror.  Er vi for redde for å sjå,  eller finst det ein mekanisme vi er utstyrt med, ein mur, eit teppe som fargar hjernebarken grå? Eg gret på menneska sine vegne. Eg trur på tilfeldigheiter meir enn absolutt sanning. Eg trur ikkje på svart - kvitt.  Eg vert mindre og mindre klok på menneska for kvar dag eg vert eldre. I morgon skal eg gle...

Stabb

hah hah hah stabbestein hogg e stabb stein hah ha jah lim meg fast i giljotinen i hogge stabben gapestokken ja gap du gapalause maka lause skru meg fast i gapet gap gap gap est st st  okken skra skra skru meg på set meg fast under i stabbesteinen stabb stabb kliss kliss klass hogg hogg høgg hah ha jah

Medium

knip krappe krampe krr krr krip krip krup krampe i magen det krip og krampar i saknet eg saknar det vakre vakrrrrr kr kr du saknar det vakre vare frrrrrrø i magen eg sådde i magen sådde sådde stille still still stilla still spurde ein stille spurv om eitt og anna sådde krappe knappe krokusar i magen den knip framleis still still stilk stilk strå frø

Det skin att

det skin att i dikta dine eksistensens uuthaldelege sorglause - det skin att i dikta skin skinn skinn - du står lageleg lagelig legg deg til for hogg høgg høgg det - skin att mellom linene dine eksistensens evige heimkome den evige heimkome kom att tyngd skin att skin skinn skinn skinn att i dikta dine

sprikar og sprakar

fråfall  av sprak  setningane står  i strid kjempar ein kamp mot  setningane strid og skrik mot meg det snakkar  sprikar og sprakar  snakkar sprakar knakar brakar  i setningane kjem ikkje  gøymer seg dei strid  kjempar i mot i rot rot røter røter rot i røtene  i stammene dansar kavsar krimsar krinsar rundt røtene  sta og steile er setningane dei  vil ikkje vere  med det snakkar og snakkar og sprakar  sprikar   sprekk sprekk sprikk strikken er strukke strikken strammar strengt  stemmane brakar kravlande krevjande  revnar det revnar det raknar revnar raknar det setningane steilar og kvernar i spraket  dei går sin veg og eg når dei ikkje