Til Oddny Wallevik (5.6.1937- 10.8.2026)

Det går ikkje an å minnast Besto utan å snakke om litteraturen. 

Eg og besto mi snakka alltid om litteratur, heilt til det siste. To dagar før ho gjekk bort, fortalde eg om den siste romanen eg las på og ho svara «åh, det er så mykje bøker!» på ekte Besto- vis 


Heilt på det siste ho var nemleg missnøgd over at ho ikkje rakk å lesa den avsluttende boka i ein romantriologi!  Dette seier noko om kor viktig litteraturen var for Besto. 


Nokre av dei fyrste bøkene eg las når eg var veldig ung (og sikkert ikkje gammal nok til å lese) var av dei store kvinnelege forfattarane Wassmo, Undseth og Elstad, som ho plukka fram til meg frå bokhylla hennar. Ho gav meg tilgang på eit stort litterært univers, og det la nok eit grunnlag for den store lesargleda eg har i dag. 


Eg og Besto snakka ikkje så ofte om personlege kjensler, men me delte leseopplevingar i lag, og knytta bånd slik. 


Dei åra etter eg hadde flytta heim til Vallavik i vaksen alder for å jobba på biblioteket i Ulvik og Granvin, var fine år. Då deltok ho på bibliotekarrangement og var genuint interessert i kva eg dreiv med på biblioteket, og kva nye bøker som kom. Nysgjerrig, det har nemlig besto alltid vore. Og så fekk ho litt spesialbehandling som lånar - det likte ho veldig godt. 


Den store interessa mi for litteratur, og at eg enda opp med å utdanna meg som bibliotekar og litteraturvitar, det kan eg takka i stor grad ho for. Eg er evig takknemlig for at eg var forma i så stor grad av hennar utømelege interesse for bøkenes verden. 


Besto etterlatar seg eit tomrom, og det skal eg fylle som best eg klarar med å fortsetje å lese, for oss begge. 




Populære innlegg fra denne bloggen

Iran

Skuggen

I nye kroppar