november er alltid den vondaste månaden, den svir og klør, har visst stranda i ei maurtue november lagar kroppen klaka, sparkar i magen som om eg var ein boksesekk, veggane rasar saman kring meg, alt flokar seg til endar opp som eit nøste - om eg kunne strikka saman november til eit blått flygeteppe, fly vekk frå dei som sviktar, og hente ned månen, putte den under puta - men eg går med langsame skritt ned i kjellaren, hentar dynamittlageret eg har gøymt unna og i morgon skal eg sprengja novembernøsta, saknet og fortvilinga til aske så går eg i Vossabadet!