Furie
november er alltid den vondaste månaden,
den svir og klør, har visst stranda i ei maurtue
november lagar kroppen klaka, sparkar i magen
som om eg var ein boksesekk,
veggane rasar saman kring meg, alt flokar seg til
endar opp som eit nøste -
om eg kunne strikka saman november
til eit blått flygeteppe, fly vekk frå dei som sviktar,
og hente ned månen, putte den under puta -
men eg går med langsame skritt ned i kjellaren,
hentar dynamittlageret eg har gøymt unna
og i morgon skal eg sprengja novembernøsta,
saknet og fortvilinga til aske
så går eg i Vossabadet!