I nye kroppar
I dei førre liva
i dette livet
i dei neste liva
--
sjela utvidar seg gjennom erfaringa
vi haustar,
bur i våre kroppar
eit fengsel, ei oppdaging, ei reise i fysiske omgjevnader
tek til oss lærdom gjennom kvarandre
som modnast
i svevet mellom liva våre,
kviler vi trøytte i kosmos
til vi reiser oss,
grep fatt i fakkelen
og gjer oss klare for neste etappe
her nede
vaknar opp i nye kroppar
--
vi møtest att
med kjærleiken vi forlêt
i neste runde
i to nye kroppar
med ny visdom
sjel legemliggjort
i dette livet
i dei neste liva
--
sjela utvidar seg gjennom erfaringa
vi haustar,
bur i våre kroppar
eit fengsel, ei oppdaging, ei reise i fysiske omgjevnader
tek til oss lærdom gjennom kvarandre
som modnast
i svevet mellom liva våre,
kviler vi trøytte i kosmos
til vi reiser oss,
grep fatt i fakkelen
og gjer oss klare for neste etappe
her nede
vaknar opp i nye kroppar
--
vi møtest att
med kjærleiken vi forlêt
i neste runde
i to nye kroppar
med ny visdom
sjel legemliggjort