Til mødrene
du er flyktig, konstant på innpust og utpust
strør rundt deg med med aska frå urnene dine
plukkar dagleg på skorpene på huden, i ein blodig kvardag
klamrar du deg fast til livet,
du var det beste eg visste,
men du glapp meg ut av hendene dine
då eg var lita.
men det er ikkje for seint, ikkje for tidleg, eg drar ingen stad
og eg blir ingen stad.
eg ville teke alt ditt på meg, skulle eg fått velje
de gav oss livet, det var alt me trong.
eg har valt den gode åleineheita, og den skal ingen ta ifrå meg.
eg skal vera god, og du skal vera mor.