Om ærlegdom
- Korleis finn vi fram til det ubevisste?
Det er uhandgripeleg og kan ikkje forklarast med ord. Det er noko som er utanfor oss sjølve, noko vi ikkje kan setje på begrep.
- Men, kan vi kome i kontakt med dette "noko" som er større enn oss? Korleis kan vi gjere oss fri frå egoet som lagar støy og uro i liva våre?
Vel.. vi kan starte med å gå i djupna av oss sjølve, og kjenne på ærlegdom. Er vi ærlege med oss sjølve, er mykje allereie gjort. Då er vi klare for å ta imot det gode, og vere tilstades i stillheita og i verda.
Så lenge vi er tru mot oss sjølve, og har eit fundament eller ei ro i oss,- vil vi kunne akseptere at det unevnelege er rundt oss. Dersom vi sluttar med å motarbeide oss sjølve og let frykt og angst kontrollere oss.. då vil sjølvmedvitet opphøyre, eller få mindre betydning. Då vil vi kjenne oss i eitt med omvgjevnadene.
Det som er utanfor oss sjølve er konstant, og vil alltid vake over oss. Det gjev tryggleik å vite at det finnest ei slik kraft. Men for å få tryggleik i å anerkjenne at det uhandgripelege finst, må vi først vere trygge inni oss. Har vi ein base i oss sjølve vil vi lettare kunne akseptere alt som er rundt oss og flyte med det. Då vil vi kunne oppleve store ting.
(fritt etter samtale med ein vismann 3.11.2018)