Innlegg

Viser innlegg fra 2018

Forfall

vi skulle vakne opp, hente fram brekkjernet  brekke opp fastklemte rumper ut av sofaen ut av døsen, ut av søvngjengeri og forfall Grønslandsisen smeltar medan du brukar knokane  til å slå i stovebordet for urettvist utkasting av Farmen Alt smeltar og blør, forvitrar og dør medan du dreg i ei prisredusert jakke på Black Friday i reint raseri våkn opp, seier eg plasser føtene på golvet, gå inn på kjøkenet, opn skuffa pakk hjernen inn i plast og send dei 10 prosentane du brukar  av hjernekapasiteten din til resirkulering

I nye kroppar

Bilde
I dei førre liva i dette livet i dei neste liva -- sjela utvidar seg gjennom erfaringa vi haustar, bur i våre kroppar eit fengsel, ei oppdaging, ei reise i fysiske omgjevnader tek til oss lærdom gjennom kvarandre som modnast i svevet mellom liva våre, kviler vi trøytte i kosmos til vi reiser oss, grep fatt i fakkelen og gjer oss klare for neste etappe her nede vaknar opp i nye kroppar -- vi møtest att med kjærleiken vi forlêt i neste runde i to nye kroppar med ny visdom sjel legemliggjort
kjærleik er eit underleg kunstverk legg seg under overflata og dei veit ikkje eingong om det viser seg sjeldan kikkar dei litt nærare står dei litt på avstand får dei kanskje auge på detaljane i skaparverket

kroppen

tankar er berre tankar - dei kan ete deg opp innanfrå heilt ufarlege ein uendeleg straum av setningar, deduksjonar og kontrabeskjedar tankane kan lure deg - - det er kroppen du skal høyre på den vil fortelje deg noko sant

Furie

november er alltid den vondaste månaden, den svir og klør, har visst stranda i ei maurtue november lagar kroppen klaka, sparkar i magen som om eg var ein boksesekk, veggane rasar saman kring meg, alt flokar seg til endar opp som eit nøste - om eg kunne strikka saman november til eit blått flygeteppe, fly vekk frå dei som sviktar, og hente ned månen, putte den under puta - men eg går med langsame skritt ned i kjellaren, hentar dynamittlageret eg har gøymt unna og i morgon skal eg sprengja novembernøsta, saknet og fortvilinga til aske så går eg i Vossabadet!

Voss

augo frys fast i eit punkt på kjøleskåpsdøra, puttar breva i frysaren - legg orda på is   silar tanken tom det er varmt ute, men her  inne er det rim på veggane istappar i taket og eg er frost.  minusgrader i blodet skjelv og dirrar feberen er gått kraftig ned, og eg er frost. 

På sikt

det vondaste i livet er ofte òg det beste det som verk mest i kroppen vil gjera deg heil og fornya - det som gjer deg sjuk i sjela er ofte det som gjev tilfriskning, holet i hjarte vil tettast og styrkast - frykt for døden vil gje livet meining, frykt for livet og kjærleiken lagar større rom for å ta imot - for skal du leva sant må du alltid vera på kanten, på brestepunktet - for å leva ærleg må du kjenne det som avgrensar, og du kan stå på to føter - på sikt.

Om ærlegdom

- Korleis finn vi fram til det ubevisste? Det er uhandgripeleg og kan ikkje forklarast med ord.  Det er noko som er utanfor oss sjølve, noko vi ikkje kan setje på begrep. - Men, kan vi kome i kontakt med dette "noko" som er større enn oss? Korleis kan vi gjere oss fri frå egoet som lagar støy og uro i liva våre? Vel.. vi kan starte med å gå i djupna av oss sjølve, og kjenne på ærlegdom. Er vi ærlege med oss sjølve, er mykje allereie gjort. Då er vi klare for å ta imot det gode, og vere tilstades i stillheita og i verda.  Så lenge vi er tru mot oss sjølve, og har eit fundament eller ei ro i oss,- vil vi kunne akseptere at det unevnelege er rundt oss. Dersom vi sluttar med å motarbeide oss sjølve og let frykt og angst kontrollere oss.. då vil sjølvmedvitet opphøyre, eller få mindre betydning. Då vil vi kjenne oss i eitt med omvgjevnadene.  Det som er utanfor oss sjølve er konstant, og vil alltid vake over oss. Det gjev tryggleik å vite at det finnest ei slik kraf...

Sant VS usant

Eg er di glasrute mot verda Eg er din katalysator mot ei anna røynd Du er meir sann enn eg er usann Du koplar meg på når eg koplar meg av Du er meg og eg er du Men vi er ikkje meir her. Vi er ein annan stad.

Historia veit

Han sa ho var verdig alt. Kva vil det seie å vere verdig alt .. Menneska har ei oppgåve, og det er å gjere seg verdig naturen og planeten vi lånar. Her må vi trø varsamt, bustaden vår vart ikkje sjenkt oss som ei gåve frå gudane våre. Vi er her på slump, om vi likar det eller ei. Det er no slik. Menneska er botnlause og grusame vesen, dei uslaste rovdyr som  slaktar kvarandre og resten av artane til eige føremål. Øydelegg omgjevnadene og raserer grunnlag for liv.Vi elskar oss sjølve, og hatar oss sjølve. Vi skapar det vakraste og øydelegg det i neste augneblink. Vi er sosio-kulturelle individ med naturtilstanden på avstand. Men vegen er ikkje kort til katastrofe og krisetilstand. Slik har det alltid vore, og slik vil det alltid bli.  Vi kan aldri vera verdige nok, berre spør historia. Ho veit. 

På møterommet

tause sit de med strikkepinnane på møterommet og ventar på å kome inn til dei andre som sit klare med dei same kjenslene - historiar om svik og nederlag med håp og forventning - om at alt skal endra seg at behandlinga skal verke at noko skal vekkast og sanninga skal berast fram.  Det er ikkje der inne forklaringane ligg - det er på møterommet de finn svar. 

Oppsøk månen

om du får fred av å høyre bøljeskvulp - oppsøk havet om du får ditt urolege hovud stilna av kraftig vind - oppsøk stormen kjenner du sakn i det store mørkret - oppsøk månen er du redd for livet - gå litt lengre inn kanskje finn du ein peikepinn.

Framand

når du ikkje lenger kjenner på varmen i blodet når gneisten i mageregionen er sløkt når dunken i brystet har stoppa opp og kriblinga i føtene er stilna og du ikkje lenger kan høyre pulsen din slå - vert du ein framand forsømer di eiga sjel - og forlêt den andre.

Tinga i seg sjølv

Når dei siste taktene i prosjektkoret er sunge, strykarane har pakka ned instrumenta og koristane gått heim står du åleine att i kortrappa og kviskrar fyrste tone i verket. når dei siste orda i romanen er lese blar du deg inn att i tekstuniverset og leitar etter fleire teikn. når dei siste utsprunge kronblada på rosetreet er falle av, dreg du med deg krukka inn i huset og tek vare på dei siste knoppane. du vil grave fram fossil, forske på døden og livet og sjå tinga slik dei er i seg sjølv. det er din rett.

Til mødrene

du er flyktig, konstant på innpust og utpust strør rundt deg med med aska frå urnene dine plukkar dagleg på skorpene på huden, i ein blodig kvardag klamrar du deg fast til livet,  du var det beste eg visste, men du glapp meg ut av hendene dine då eg var lita. men det er ikkje for seint, ikkje for tidleg, eg drar ingen stad og eg blir ingen stad. eg ville teke alt ditt på meg, skulle eg fått velje de gav oss livet, det var alt me trong. eg har valt den gode åleineheita, og den skal ingen ta ifrå meg. eg skal vera god, og du skal vera mor. 

Punkt

døra i dødens bakgård opnar seg når eg minst ventar det, og det er trygt. draumane mine vert meir levande når eg ynskjer dei som minst, motet mitt vert styrkt når eg ikkje lengre har trong for det, hugsen min bleiknar når eg tenkjer for hardt. Men minna om deg sviktar meg aldri, det var det du som gjorde.

Den einaste

Den einaste har flytta inn i meg, teke permanent bustad klamrar seg rundt hjartet mitt med eit fast grep. eit glimt av lys er ikkje her Ikkje meir lys her. Den einaste er krafta som nektar å sleppe taket flyt rundt i blodet og legg seg til ro.

Oktoberlauv

mengda av daudt raudt, gult og brunt dekkjer stien der vi står urolege, slår av pusten og drøymer varmt om det som no er over med forventning om kald, gufsen vinter legg vi oss i hia våre og søv til våren kjem det er ljos i vente.
treng korkje hus, varme eller klede korkje mat, kropp eller verdsleg gods lovnader eller omsut men vis meg eit tempel der eg kan be gudane om råd ikkje gje meg morgondagen, den har eg alt men gje meg visdom om i går slik at eg forstår

Blå blome i plast

Fekk nyss ein ekte blå blome i plast frå Kina med gullskaft, utan tornar.
på tide med ei lita oppdatering augenblinken, tyrannen et seg inn i det neste sjå kva du kan by på, by deg fram og kle deg av skriv deg inn i skogen i eit nanosekund, og du er borte