Innlegg

Viser innlegg fra 2017

Utstopping

Varig vond verk, Havet kastar irritert med nakken når det ser, Fnys ut saltsprut på den utstoppa kroppen som ligg i fjøresteinane Flådd, tørka - eit balmsamert kunsthandverk, som varig verk vondt. Eit skal, kjøttet, blodet, hjernen og beina er skrapt ut, løvetenna inntakt Verken er der likevel - sjølv om det skulle vore daudt alt saman Sjelens verk.

Langsam tid

Eg arbeider med langsame blikk
Nettene trivst i underskogen

Støy

Den stilla eg lengtar etter når lyset er sløkt trer aldri fram, den kviler inne i tømmersprekken og plagar med sitt fråver. Den stilla eg ventar på i svevnen viser seg aldri, berre kastar eit blikk på senga mi og fnys av draumaren. Den stilla som driv meg til vanvidd når eg ikkje har den, er stilla du gjev meg. Men du er ikkje her.
Det urolige hovudet sviv med 4000 ganger per sekund stoppar aldri opp på omdreiningspunktet  uendeleg, kjennest det som stillstand er umogleg, ein evigvarande trengsel sviv og sviv på leit etter eit nullpunkt. 

Test

Eit rusta armeringsjern held ikkje støypen fast Eit rote stendverk held ikkje taket oppe Men det slitne hjertet er ikkje dødt Det som brest er berre ein test

på overtid

vi er på overtid - førebur oss med falskt håp om forflytning renskar ut restane av det gåtefulle her  som om himmelen gjev oss svar, som om det er i himmelen nye lover skal støypast vi er på overtid - kravlar på overflata kvilelaust og i angst, riv ned alt som rivast kan - slik at alt det gåtefulle forsvinn som eit gufs av brunt  vi er på overtid -  det er ikkje hjelp å få, det er ikkje von att her  som om alt skal skje i ei anna verd dette var det vi fekk, dette er det vi får og vi kastar det villig vekk  fordi vi er menneska som plasserer oss over lovene under tidene. 

Tid

Tid er tid verken meir eller mindre eit konsept for ei manglande forståingsevne ikkje lineær eller bevegeleg ikkje syklisk eller statisk er alt stort alt lite ingenting er faldane i eit grågustent ansikt revner inne i ein slagen kropp ripar i lakken på ein Mustang fastback- 67 rifter i skorne til ein utmatta fjellvandrar svettperler på issen til ein varm buddistmunk gnagsår på fingertuppane til Hank Williams III det utskotne askestøvet av Gonzo floger i sjegget til Edward Teach høgsong og lågsong kvalme, latter og vold vi trur vi opplever tida det er tida som opplever oss det er for mykje av alt som riv ned -det for få bygger opp det er for mykje av alt som skapar død -der for få gror liv det er greit. bli der du er, sit der som eg sit her lev som du er, ingenting er gått tapt og ingenting skal kome alt er som det er - ta det til trøyst og fyll opp glaset.
utkrystallisert frå jordas mantel er ho ein einsam diamant utan fargar dei rette hendene utløyser eit kraftig fargespel  med eit utemjande hjarte hard, likevel knuseleg

essens

det urørlige i meg våkner når jeg, med min vaklende gange finner frem til utsikten av  det som aldri kan tas ned, det som aldri lander det urørlige kan ikke settes på begrep  skal ei heller røres - bare roses! mange rundt oss er tendenser vi er essens.

En gammel verden

løper baklengs over en synkende bro  et håpefullt minne henger rasende i festet på den andre siden, sundet åpner seg for å ta i mot, evigheten godkjenner havariet - tiden våkner en regntung dag i juli,  den gamle dør. 

Du er her

Gå i frå i går, spytt på dagen, dei  fyller lungene dine med tjære og gift som spreier seg til minnet - spytt og gå! Dei er forkola, og du veit det i det du trekk pusten  - reinskar ut dei skamfulle restane av det du trur er deg. Det dei trur er deg. Du er her. Du er nok. Og du veit det. 
du tar i mot evigheten i det du snur ryggen til den sørpete middelveien,  i det du forkaster bedrageriet til kloakkens rotter  har du utsikt til solen. 

Stormenes tid

Når du tar ned øynene og leter etter stillheten i støyens tid - finner du ingenting annet enn en tilstand som lyver - Det finnes aldri stillhet i et brennende hjerte Det finnes ingen stillstand i et urolig hode

Heidi

Frå lampar og linser - sender du ut lys av sjømerke langs kyst - Du er fyrtårnet lyser oss trygt gjennom sund opnar opp - leiar oss ut til nye hav - var hendene då mine skalv var augo eg hadde splint i var føtene eg mista - fyrde opp elden når sola slukna livet lever framleis

937

Jeg kjente en revne i sinnet - som om hjernen var delt - jeg prøvde å skjøte den - søm for søm - men fikk den ikke hel. Tanken som kommer etter ville jeg knytte - til tanken som kom først Men sammenhengen floket seg - som nøster på et gulv. - Mitt skitne lille hjerte , Emily Dickinson (gjendikta av Tone Hødnebø)

Til Emily

Eit døyande auge såg meir tomrommet bur i friskt Du såg det.

minnet vinn

stadene mine veit alt, merkt av spor minnet kjempar sin evige kamp  mot gløymselen som hugsar at minnet vinn

arr

ligg under huda  under merker av blått eg er der inne under arr   forslått

knekt

og morgonen er stadig i bakrus eg er på etterskot var alltid eit steg bak deg vil hente rommet, gå fyrst inn
minnet hugsar

17.mai

the heart is noisy in a silent crowd.
nummen under grått tak ein vind av angst trengjer seg gjennom vindauge lyfter meg opp, kastar den stive kroppen rundt trenger seg inn i lungene, blodet virvlar rundt, dreg tankane med vidare til eg sprekk,  vert spreidd utover beitemarka

Truth

There's perception, wisdom and hope. There's neglect, ignorance and lather. The truth lies within.

Hymne til natta

Lukkar augo, tek verda inn til meg. Lukkar tanken, tek steget under. Lukkar pusten, kler på meg månen. Opnar hjartet, tek stjerna inn til meg. Opnar draumen, er eitt med mørkret. Stjerna pustar i meg, skin i blodet.

Bak auga

Du er bak auga

Silkespinnaren

puppar meg inn i vent på metamorfosen den nye dagen, då alt opnar seg skal eg blafre vill og galen i mi tilmålte tid til kvelden stig opp frå nedunder har eg funne deg kan eg falde vengene saman i ro

LY

går deg i blodet får nytt

how to

humans are nothing but a bunch of know-how's there is explicit knowlegde, tacit knowlegde yet, less understanding of life I'm simply a hollow  how

nær

min siste dag er din fyrste mitt siste utpust pustar du inn mitt siste steg trakkar du i eg svever over vatnet, glir bort under mi siste reise slår du deg på skrid fram, opnar opp

Minnet

Vi er alle gløymsel i opptakten til livet, akt II Minnet hugsar Månen veit

Over underet

Bilde

Overføring

Transaksjonen gjekk fint Det var likevel noko varme att på konto Skuldar no ingenting Er snart blakk

Retur

Beina hatar å gå ifrå Sørgjer vil snu, snuble meir Hjartet hatar å slå seg av Druknar tørsten Dubliner Druknar sjela I Dublin Vil snu Vil blø Vil blø Retur

The Stag's

Bilde
Historisk sus Inngangar -Dublin 

Nedstigning

Nummen under gul himmel Sitronsafta sildrar nedover kinnbeina Hol mellom augene Tvang i beina Armane diktar, skyv frå Fektar med månen Dublin, 2017
Bilde

Slagside

jaktar på forteljinga, vil ikkje at forteljinga skal opphøyre! jaktar på meir stoff, nært, framandt, uhyggeleg, søkt, uhøyrt, bekvemt, kvasst, intenst, varmt, sterkt jaktar og jagar meg sjølv i akten kvar finn eg ho? er ho der ute? stoffet forsvann på utpust lungene er vortne kolsvarte no leitar og gret, leitar i raseri forteljinga mi er vekke, ho forsvann under dekke av å vere forbi løyste seg opp og sveiv bort nektar å trekke pusten før eg finn ho att!

Snart er du klar

sjelen forvandlar jordelivet følgjer åndsvennen forvandlar ledsagaren følgjer

Vente

"Livet ventar", optimisten "Ingenting ventar ", pessimisten "Alle ventar '", realisten "Draumen ventar", romantikaren "Døden ventar", nihilisten

Glimt

Lyset av deg der du står på ei steinblokk i opninga av den tusen år gamle grotta er tankane eg tenker på når eg stundom kjenner at blodet frys medan dei døyande og sørgjande eiketrea ser rett gjennom meg, og tida er fast og tida er gamal

Undo

life is a peculiar thing people tend to walk through, not in it shameless or shameful maybe both life can't be undone a constant reminder of death if life can't be undone can love?

Vite

Søv i tru Vaknar i tvil Står opp i tvil Legg oss i håp Søv i tru Empirien veit litt Månen veit alt

Men, du

kjenner lukta av eit men i åndedraga blant dei grå ansikta i menneskemylderet er alle eit taust men alltid eit men eg vil ikkje vere eit men eg berre vil.

sjølvmedvitets forbanning

vert forfølgd av monsteret ein sjølv har skapa

Overgang

ruinane ved elvedjupet står sta oppeten av elde, lengtar etter framtid lenge etter treverket er rote vekk vitnar om forfall, kollaps og død tid vårfrostelva skjelver illsint nedover veks og buldrar over historia, vaskar levningane reine, slipar kunnskapen glatt, renskar mose og grev ut mørtel lengt fortid notid lengt framtid

Drittdikt

Dikta mine er dritt Fantasilaust månepiss Kvalmt Pompøst faenskap Lær meg! Hjelp meg! Grøss.

Månen

Dagen er slør. Kvelden innser alt. Natta er trygg. Natta er draum. Lovnad. Morgonen håpar. Lovnad. Morgonen dreper. Lyset blendar. Mørket blindar. Månen veit.

Fyrtårnet

Det er i fyrtårnet du skal bu Der skal du stå støtt og lyse oss gjennom sundet ut til nye hav
skyggen dveler lyset veit.      

Kvardag

Klatrar barbeint i trea under soltoppane Klyv lettskodd i fjella under istappane Fell tonn med tømmer i nådeløs skog Ligg på saga under nådetidene Kløyver tømmer i nådetidene Stablar frisk ved i oppovertidene Raserar vedskjul i nådetidene Ligg under stokkane i undertidene Søkk ned i mold i dødetidene Stablar Rasar Hoppar Rasar Stablar  Rasar Klatrar Klatrar 

Våren er vår

Våren er vår Einsemda er vår Vår er einsemd Vår er lovnad Vår er sorg Sorgen er vår Våren har voksesmerter Trengjer seg fram Føder nytt liv, ny død Fuglane syng sine einsame elegiar Vinterhåpet smeltar med snøen Våren er naken Vår er død Vår er kretsløp Våren er vår
ei stripe av salt draum renn nedover ansiktet eg tok inn til mitt

Spor

Dei gamle pusta inn skam i kvite korridorar pusta inn tomme augenblink trakka opp spor langs sørgjepostane på det grå nedslitte linoleumsgolvet I dei same romma Dei nye opnar seg i den raumåla veggen er framleis raud med fråvær av motiv Dei gamle døydde, vakna og døydde Dei var kvikksand bak lukka dører i dei same romma Dei nye no stig inn i Døyr Vaknar Døyr Vaknar ...

Heime

Er heime no Der ute Er ankra no Der ute Er varm no Der ute Glir på trygg botn Der ute Det finst mange univers Berre eit er heime Heime er ikkje her. Det er der ute.

Vent

Øvst i huset i eit avlåst kott ein blå fugl sit og ventar Innkapsla. Innfalda. 

Blått makrokosmos

er du havet skal eg kaste meg uti søkkje ned til botnen sveve vektlaust med djupvassfisken i eit blått makrokosmos symje i pusten i salt mørke stupe ned i det blå rommet til eg druknar.

Dine trådar

Tullar meg ofte inn i eit blått, mjukt pledd du vov til meg ein gong. Gøymer meg i dei varme trådane når pusten stoppar opp. Det er slakt og fillete no. Men den vakre veven eg omkransar meg med er dine trådar. Dei slitnar aldri.

Innkapsling

ein av desse dagane skal vi falde ut historia bade i sølv eige kvart blikk ein av desse dagane er våre augenblinken skal kapslast inn og vi skal sitje stille gå rakt

Laphroaig

Bilde
eimen av Laphroaig og sur tobakk i den blå timen uroa breier seg utover sofagruppa skal eg ta ein til kanskje vert dagen enno utsett kanskje er den omme ved morgongry

Den Andre

du går stadig med eit ynskje om å vere Den Andre den søtlege kjensla av håpet om eit framandt kyss under nyleg utsprungne eiketre Du går stadig rundt med eit ynskje om  Den Andre, at eit foster som veks inne i deg skal trengje fram i nye vårar