på overtid

vi er på overtid -
førebur oss med falskt håp om forflytning
renskar ut restane av det gåtefulle her 
som om himmelen gjev oss svar, som om det er i
himmelen nye lover skal støypast

vi er på overtid -
kravlar på overflata kvilelaust og i angst, riv ned alt
som rivast kan - slik at alt det gåtefulle forsvinn som eit gufs
av brunt 

vi er på overtid - 
det er ikkje hjelp å få, det er ikkje von att her 
som om alt skal skje i ei anna verd

dette var det vi fekk, dette er det vi får
og vi kastar det villig vekk 

fordi vi er menneska som plasserer oss over lovene
under tidene. 


Populære innlegg fra denne bloggen

I nye kroppar

Iran

Framand