Støy

Den stilla eg lengtar etter når lyset er sløkt trer aldri fram, den kviler inne i tømmersprekken og plagar med sitt fråver. Den stilla eg ventar på i svevnen viser seg aldri, berre kastar eit blikk på senga mi og fnys av draumaren. Den stilla som driv meg til vanvidd når eg ikkje har den,
er stilla du gjev meg. Men du er ikkje her.


Populære innlegg fra denne bloggen

I nye kroppar

Iran

Framand