Tid

Tid er tid
verken meir eller mindre
eit konsept for ei manglande forståingsevne
ikkje lineær eller bevegeleg
ikkje syklisk eller statisk

er
alt
stort
alt lite
ingenting

er faldane i eit grågustent ansikt
revner inne i ein slagen kropp
ripar i lakken på ein Mustang fastback- 67
rifter i skorne til ein utmatta fjellvandrar
svettperler på issen til ein varm buddistmunk
gnagsår på fingertuppane til Hank Williams III
det utskotne askestøvet av Gonzo
floger i sjegget til Edward Teach
høgsong og lågsong
kvalme, latter og vold

vi trur vi opplever tida
det er tida som opplever oss

det er for mykje av alt som riv ned -det for få bygger opp
det er for mykje av alt som skapar død -der for få gror liv

det er greit.

bli der du er, sit der som eg sit her
lev som du er, ingenting er gått tapt
og ingenting skal kome
alt er som det er -

ta det til trøyst og fyll opp glaset.


Populære innlegg fra denne bloggen

I nye kroppar

Iran

Framand