Slagside
jaktar på forteljinga, vil ikkje at forteljinga skal opphøyre!
leitar og gret, leitar i raseri
jaktar på meir stoff, nært, framandt, uhyggeleg, søkt, uhøyrt, bekvemt, kvasst, intenst, varmt, sterkt
jaktar og jagar meg sjølv i akten
kvar finn eg ho? er ho der ute?
stoffet forsvann på utpust
lungene er vortne kolsvarte no
stoffet forsvann på utpust
lungene er vortne kolsvarte no
leitar og gret, leitar i raseri
forteljinga mi er vekke, ho forsvann under dekke av å vere forbi
løyste seg opp og sveiv bort
nektar å trekke pusten før eg finn ho att!