Innlegg

Langsam tid

Eg arbeider med langsame blikk
Nettene trivst i underskogen

Støy

Den stilla eg lengtar etter når lyset er sløkt trer aldri fram, den kviler inne i tømmersprekken og plagar med sitt fråver. Den stilla eg ventar på i svevnen viser seg aldri, berre kastar eit blikk på senga mi og fnys av draumaren. Den stilla som driv meg til vanvidd når eg ikkje har den, er stilla du gjev meg. Men du er ikkje her.
Det urolige hovudet sviv med 4000 ganger per sekund stoppar aldri opp på omdreiningspunktet  uendeleg, kjennest det som stillstand er umogleg, ein evigvarande trengsel sviv og sviv på leit etter eit nullpunkt. 

Test

Eit rusta armeringsjern held ikkje støypen fast Eit rote stendverk held ikkje taket oppe Men det slitne hjertet er ikkje dødt Det som brest er berre ein test

på overtid

vi er på overtid - førebur oss med falskt håp om forflytning renskar ut restane av det gåtefulle her  som om himmelen gjev oss svar, som om det er i himmelen nye lover skal støypast vi er på overtid - kravlar på overflata kvilelaust og i angst, riv ned alt som rivast kan - slik at alt det gåtefulle forsvinn som eit gufs av brunt  vi er på overtid -  det er ikkje hjelp å få, det er ikkje von att her  som om alt skal skje i ei anna verd dette var det vi fekk, dette er det vi får og vi kastar det villig vekk  fordi vi er menneska som plasserer oss over lovene under tidene. 

Tid

Tid er tid verken meir eller mindre eit konsept for ei manglande forståingsevne ikkje lineær eller bevegeleg ikkje syklisk eller statisk er alt stort alt lite ingenting er faldane i eit grågustent ansikt revner inne i ein slagen kropp ripar i lakken på ein Mustang fastback- 67 rifter i skorne til ein utmatta fjellvandrar svettperler på issen til ein varm buddistmunk gnagsår på fingertuppane til Hank Williams III det utskotne askestøvet av Gonzo floger i sjegget til Edward Teach høgsong og lågsong kvalme, latter og vold vi trur vi opplever tida det er tida som opplever oss det er for mykje av alt som riv ned -det for få bygger opp det er for mykje av alt som skapar død -der for få gror liv det er greit. bli der du er, sit der som eg sit her lev som du er, ingenting er gått tapt og ingenting skal kome alt er som det er - ta det til trøyst og fyll opp glaset.