Innlegg

Krigsvitnet

Barnet gret ikkje Barnet spør ikkje Barnet, eit stille vitne av øydelagt liv, drøymer mørkt.

Sømlaus

I hovudet roterer kvininga rundt i pannebarken, fortset nedover høgre delen av ansiktet - Ein kniv vrir bladet roleg rundt i tannkjøtet, rotar nedover i halsgropa, kappar nervetrådar i høgre arm skaftet stikk fleire gonger i høgre hofte og bladet skjer nedover i høgre fot til slutt synk kniven ned i storetåa. fråværet ditt er påtrengande.

Oktoberstemmer

medan eg er gift med oktoberstemmer står du på eit fjell og skrik i skrekk med stivfrosne rop i stivfrose rom eg malar meg ut over landskapet går inn i oktoberstemmene himmelen stel varmen susinga av motorteppet  trengjer seg på kvilar ryggen tungt mot den kvite søyla på Mont Plaisir omringa av rote lauv og tomme ølboksar dei gamle trehusa står her enno  forvitne og kviskrar i kor som om eg kunne halde fast på teppet av oktober

blå strek

Denne morgonkvelden er eg ein halv blå strek på himmelen. Du er den andre.

Risaholo

Risaholo i Risaholo det var ein barndomsdraum, den travle tevlinga det strir det strir i alle hjørna krokar, krikar i kroppen det knabbar, knibbar, knip, rustnar det rustnar foran augo heile mørkret opnar seg i alle hjørna av Risaholo, i alle romma i den veldige steinblokka det krafsar og kriblar i alle blodkara, kill, kill det rote hjartet strir i straumen, straumen av gløymsle der ho sit og opnar seg for Jung,  tenkjer at «eg tenkjer på graset, det visne gule daude graset, ravgule» sat og drøymde seg bort i barndomsdraumen der, på den hemmelege staden, der ingen visste kor ho kjempa og elska i det ravgule graset søv, søv, søv i dagen, drøymer om ravgult tenkjer på alle krikane i romma trollet i gangen, monsteret under senga det visne graset, dei hemmelege skattane på den hemmelege staden, skattane ho grov  ned men aldri fann att Risaholo. det var ein draum. Barndomsdraum. Lukta av sagmugg, blokkar av naturstein og eufori...

De snakket i over en time

umuligheten av å forstå hva de snakker om du suger ut av hånden en væske av ren ånd er du kjærtegn stryker dine vakre armer med din stillhet i de dype mørke glimt av lyst og varmt du river ut restene av angst, sorg sammen skaper vi øyeblikket  av magi som bare vi kan stenger oss fredelig og forventningsfullt. uløselig sammenbundet i det øde røde rommet, stirrer hvilende opp i taket, sammen ser på de små prikkene av lys undrende i øyeblikket av brennende lyst og savn en centimeter fra hverandre men havet som skiller oss,  som de uadskillelige,  er vi liggende i det røde rommet og elsker hverandres nærvær du sukker, klistrer deg inntil meg, tar tak i armene og kaster meg ut av sengen, inn i de lydløse veggene, kaster meg løst opp, kaster og bryter meg i biter og hater at jeg er uløselig hater det som svir av is og ild

Ventetid

Å sparke stein i grusen, kanskje omrisset av ansiktet hennar trer fram i støvskya. Å elske ei støvsky kan han leva med. Leva utan henne, kan han leva med. Leva, kan han ikkje.