Oktoberstemmer


medan eg er gift med oktoberstemmer
står du på eit fjell og skrik i skrekk med
stivfrosne rop i stivfrose rom
eg
malar
meg ut over landskapet går inn i oktoberstemmene

himmelen stel varmen
susinga av motorteppet 
trengjer seg på

kvilar ryggen tungt mot den kvite søyla på Mont Plaisir
omringa av
rote lauv og tomme ølboksar

dei gamle trehusa står her enno 
forvitne og kviskrar i kor
som om eg kunne halde fast på teppet av oktober





Populære innlegg fra denne bloggen

I nye kroppar

Iran

Framand