Risaholo
Risaholo
i Risaholo
det var ein barndomsdraum,
den travle tevlinga det strir
det strir i alle hjørna
krokar, krikar i kroppen
det knabbar, knibbar, knip, rustnar det
rustnar foran augo
heile mørkret opnar seg i
alle hjørna av Risaholo, i alle
romma i den veldige steinblokka det
krafsar og kriblar i alle blodkara, kill, kill
det rote hjartet strir i straumen,
straumen
av gløymsle der ho
av gløymsle der ho
sit og opnar seg for Jung, tenkjer at «eg
tenkjer på graset, det visne gule daude graset, ravgule»
sat og drøymde seg bort i barndomsdraumen
der, på den hemmelege staden, der ingen visste kor ho kjempa og elska
i det ravgule graset
søv, søv, søv i dagen, drøymer om ravgult tenkjer
på alle krikane i romma
trollet i gangen, monsteret under senga
det visne graset, dei hemmelege skattane på den hemmelege staden, skattane ho grov ned men
aldri fann att
aldri fann att
Risaholo. det var ein draum. Barndomsdraum. Lukta av sagmugg, blokkar av naturstein og eufori.