kjærleik er eit underleg kunstverk legg seg under overflata og dei veit ikkje eingong om det viser seg sjeldan kikkar dei litt nærare står dei litt på avstand får dei kanskje auge på detaljane i skaparverket
Innlegg
Furie
- Hent link
- X
- E-post
- Andre apper
november er alltid den vondaste månaden, den svir og klør, har visst stranda i ei maurtue november lagar kroppen klaka, sparkar i magen som om eg var ein boksesekk, veggane rasar saman kring meg, alt flokar seg til endar opp som eit nøste - om eg kunne strikka saman november til eit blått flygeteppe, fly vekk frå dei som sviktar, og hente ned månen, putte den under puta - men eg går med langsame skritt ned i kjellaren, hentar dynamittlageret eg har gøymt unna og i morgon skal eg sprengja novembernøsta, saknet og fortvilinga til aske så går eg i Vossabadet!
På sikt
- Hent link
- X
- E-post
- Andre apper
det vondaste i livet er ofte òg det beste det som verk mest i kroppen vil gjera deg heil og fornya - det som gjer deg sjuk i sjela er ofte det som gjev tilfriskning, holet i hjarte vil tettast og styrkast - frykt for døden vil gje livet meining, frykt for livet og kjærleiken lagar større rom for å ta imot - for skal du leva sant må du alltid vera på kanten, på brestepunktet - for å leva ærleg må du kjenne det som avgrensar, og du kan stå på to føter - på sikt.
Om ærlegdom
- Hent link
- X
- E-post
- Andre apper
- Korleis finn vi fram til det ubevisste? Det er uhandgripeleg og kan ikkje forklarast med ord. Det er noko som er utanfor oss sjølve, noko vi ikkje kan setje på begrep. - Men, kan vi kome i kontakt med dette "noko" som er større enn oss? Korleis kan vi gjere oss fri frå egoet som lagar støy og uro i liva våre? Vel.. vi kan starte med å gå i djupna av oss sjølve, og kjenne på ærlegdom. Er vi ærlege med oss sjølve, er mykje allereie gjort. Då er vi klare for å ta imot det gode, og vere tilstades i stillheita og i verda. Så lenge vi er tru mot oss sjølve, og har eit fundament eller ei ro i oss,- vil vi kunne akseptere at det unevnelege er rundt oss. Dersom vi sluttar med å motarbeide oss sjølve og let frykt og angst kontrollere oss.. då vil sjølvmedvitet opphøyre, eller få mindre betydning. Då vil vi kjenne oss i eitt med omvgjevnadene. Det som er utanfor oss sjølve er konstant, og vil alltid vake over oss. Det gjev tryggleik å vite at det finnest ei slik kraf...