på tide med ei lita oppdatering augenblinken, tyrannen et seg inn i det neste sjå kva du kan by på, by deg fram og kle deg av skriv deg inn i skogen i eit nanosekund, og du er borte
Innlegg
Utstopping
- Hent link
- X
- E-post
- Andre apper
Varig vond verk, Havet kastar irritert med nakken når det ser, Fnys ut saltsprut på den utstoppa kroppen som ligg i fjøresteinane Flådd, tørka - eit balmsamert kunsthandverk, som varig verk vondt. Eit skal, kjøttet, blodet, hjernen og beina er skrapt ut, løvetenna inntakt Verken er der likevel - sjølv om det skulle vore daudt alt saman Sjelens verk.
Støy
- Hent link
- X
- E-post
- Andre apper
Den stilla eg lengtar etter når lyset er sløkt trer aldri fram, den kviler inne i tømmersprekken og plagar med sitt fråver. Den stilla eg ventar på i svevnen viser seg aldri, berre kastar eit blikk på senga mi og fnys av draumaren. Den stilla som driv meg til vanvidd når eg ikkje har den, er stilla du gjev meg. Men du er ikkje her.