Innlegg

på overtid

vi er på overtid - førebur oss med falskt håp om forflytning renskar ut restane av det gåtefulle her  som om himmelen gjev oss svar, som om det er i himmelen nye lover skal støypast vi er på overtid - kravlar på overflata kvilelaust og i angst, riv ned alt som rivast kan - slik at alt det gåtefulle forsvinn som eit gufs av brunt  vi er på overtid -  det er ikkje hjelp å få, det er ikkje von att her  som om alt skal skje i ei anna verd dette var det vi fekk, dette er det vi får og vi kastar det villig vekk  fordi vi er menneska som plasserer oss over lovene under tidene. 

Tid

Tid er tid verken meir eller mindre eit konsept for ei manglande forståingsevne ikkje lineær eller bevegeleg ikkje syklisk eller statisk er alt stort alt lite ingenting er faldane i eit grågustent ansikt revner inne i ein slagen kropp ripar i lakken på ein Mustang fastback- 67 rifter i skorne til ein utmatta fjellvandrar svettperler på issen til ein varm buddistmunk gnagsår på fingertuppane til Hank Williams III det utskotne askestøvet av Gonzo floger i sjegget til Edward Teach høgsong og lågsong kvalme, latter og vold vi trur vi opplever tida det er tida som opplever oss det er for mykje av alt som riv ned -det for få bygger opp det er for mykje av alt som skapar død -der for få gror liv det er greit. bli der du er, sit der som eg sit her lev som du er, ingenting er gått tapt og ingenting skal kome alt er som det er - ta det til trøyst og fyll opp glaset.
utkrystallisert frå jordas mantel er ho ein einsam diamant utan fargar dei rette hendene utløyser eit kraftig fargespel  med eit utemjande hjarte hard, likevel knuseleg

essens

det urørlige i meg våkner når jeg, med min vaklende gange finner frem til utsikten av  det som aldri kan tas ned, det som aldri lander det urørlige kan ikke settes på begrep  skal ei heller røres - bare roses! mange rundt oss er tendenser vi er essens.

En gammel verden

løper baklengs over en synkende bro  et håpefullt minne henger rasende i festet på den andre siden, sundet åpner seg for å ta i mot, evigheten godkjenner havariet - tiden våkner en regntung dag i juli,  den gamle dør. 

Du er her

Gå i frå i går, spytt på dagen, dei  fyller lungene dine med tjære og gift som spreier seg til minnet - spytt og gå! Dei er forkola, og du veit det i det du trekk pusten  - reinskar ut dei skamfulle restane av det du trur er deg. Det dei trur er deg. Du er her. Du er nok. Og du veit det. 
du tar i mot evigheten i det du snur ryggen til den sørpete middelveien,  i det du forkaster bedrageriet til kloakkens rotter  har du utsikt til solen.