Innlegg

The Stag's

Bilde
Historisk sus Inngangar -Dublin 

Nedstigning

Nummen under gul himmel Sitronsafta sildrar nedover kinnbeina Hol mellom augene Tvang i beina Armane diktar, skyv frå Fektar med månen Dublin, 2017
Bilde

Slagside

jaktar på forteljinga, vil ikkje at forteljinga skal opphøyre! jaktar på meir stoff, nært, framandt, uhyggeleg, søkt, uhøyrt, bekvemt, kvasst, intenst, varmt, sterkt jaktar og jagar meg sjølv i akten kvar finn eg ho? er ho der ute? stoffet forsvann på utpust lungene er vortne kolsvarte no leitar og gret, leitar i raseri forteljinga mi er vekke, ho forsvann under dekke av å vere forbi løyste seg opp og sveiv bort nektar å trekke pusten før eg finn ho att!

Snart er du klar

sjelen forvandlar jordelivet følgjer åndsvennen forvandlar ledsagaren følgjer

Vente

"Livet ventar", optimisten "Ingenting ventar ", pessimisten "Alle ventar '", realisten "Draumen ventar", romantikaren "Døden ventar", nihilisten

Glimt

Lyset av deg der du står på ei steinblokk i opninga av den tusen år gamle grotta er tankane eg tenker på når eg stundom kjenner at blodet frys medan dei døyande og sørgjande eiketrea ser rett gjennom meg, og tida er fast og tida er gamal