Risaholo i Risaholo det var ein barndomsdraum, den travle tevlinga det strir det strir i alle hjørna krokar, krikar i kroppen det knabbar, knibbar, knip, rustnar det rustnar foran augo heile mørkret opnar seg i alle hjørna av Risaholo, i alle romma i den veldige steinblokka det krafsar og kriblar i alle blodkara, kill, kill det rote hjartet strir i straumen, straumen av gløymsle der ho sit og opnar seg for Jung, tenkjer at «eg tenkjer på graset, det visne gule daude graset, ravgule» sat og drøymde seg bort i barndomsdraumen der, på den hemmelege staden, der ingen visste kor ho kjempa og elska i det ravgule graset søv, søv, søv i dagen, drøymer om ravgult tenkjer på alle krikane i romma trollet i gangen, monsteret under senga det visne graset, dei hemmelege skattane på den hemmelege staden, skattane ho grov ned men aldri fann att Risaholo. det var ein draum. Barndomsdraum. Lukta av sagmugg, blokkar av naturstein og eufori...