det var den kvelden der var den klamra me kval kval kvalane i kvelden i rødvinskval kvalkvalar kvalar i kvelden det var den kvelden me kva visste me kva visste me ikkje noko visste me den kvelden i kvalen kvalane rødvinsrusen klamra med klamra meg klamra meg rødvinsrusen, klamra meg i kvalen kvalane det var den kvelden eg elska og eg kvala i kvalen elska eg klamra meg kvelden klamrar meg eg i kvalen
Innlegg
Ta meg heim
- Hent link
- X
- E-post
- Andre apper
taus tom torn full av tomme tause tårar stille stille tørre dropar raude strengar i augo ryggen står i svai piano strengar tause tørre dropar ei inntørka elv steinane mjuke hjarta hardt svirr svirr krri kra kro kro rop rop skrik i det tørre stille tomme tårar ta meg heim til tårane all lengsla løyndomen ta meg heim til løyndomen
To mareritt
- Hent link
- X
- E-post
- Andre apper
16.5 2013 04.23 eit vert til tre fire to mareritt rir Ryttaren rir Ryttaren i to mareritt i ritta rir Ryttaren halve hovudet til Hesten slår halve hovudet av Hesten slår fire halve timar i marr marr mareritt i rittet Ritt ritt ripp ripp rippar i rattet ripar i rittet Rippar ripp rapp i rattet til Ryttaren slår to mareritt i marerittet 16.05 2013 04.23
Kveldsgrubling. Gåver, kva er det?
- Hent link
- X
- E-post
- Andre apper
Eg visste nesten alltid kva eg fekk til jul av foreldra mine når eg var lita. Ingen av dei greidde å halde noko som helst hemmeleg for meg. Eg leita pakkane fram og knepte dei sund, nærmast. Eller greidde gjette meg til det. Den gåva eg hugser aller best er ikkje berre ein, men to Michael Jackson-kassettar. Kvifor eg ikkje visste kva det var eg skulle få akkurat den julekvelden? Dei var innhylla i eit skjerf... Smart tenkt, mamma. Det er derfor eg hugser det så godt, den julafta oppe på barnerommet, med Off the Wall og Thriller i kassettspelaren. Og full dans på golvet. Eg var vel ni, ti...Noko av det vakraste minnet eg har. Den julafta veg opp for alle, både før og etter. Men eg greier ikkje gjette meg til gåver lengre. Det er vel derfor dei vert oppfatta som gåver. Det er derfor desse gåvene er ekstra vakre. Særleg når dei kjem uventa, heilt ubetinga og nakne. Ein setning, eit ord. Ei enkel handling. Eit blikk, eller ei varm hand. Ein samtale. Heilt uventa. Eg vert overvelda over ...
Ustrukturerte kvardagstankar. Om unnatakstilstand og bruk av sosiale media.
- Hent link
- X
- E-post
- Andre apper
Livet for meg og katten er for tida prega av ein konstant unnatakstilstand. Kva tid skal det verte normaltilstand? I juli? August? Til jul? Om tre år? Ophelia (altså katten min), vert uroleg kvar gong eg byrjer å pakke sakene mine, pakke inn livet, for å pakke det ut att. Det er som om ho er uroleg på mine vegne. (Kvar skal eg bu no? Skal matmor reise i frå meg? Skal eg verte sett ut på gata?) Kattar kan vel tenkje dei som oss. Det likar eg å tru. Det har eg i alle høve lese i barnebøker. At dei kan tenkje og til og med snakke. Eg gjer alle dei "rette" tinga. Studerer til mastergrad, har arbeid. Engasjerer meg i kulturliv, studentliv, skribentverksemd, osb. Alt dette er heilt strålande, og eg elskar det. Sjølv om eg er blakk, klatrar eg likevel på eigen stige, ikkje andre sin. Eg har valt feil stige før. Den vart for høg. Eller for låg, alt etter korleis ein ser det. Eller eg prøvde å klatre på andre sin stige. No har eg valt den rette stigen, og den er berre min, å...