Innlegg
Viser innlegg fra februar, 2013
Innlegget mitt før visninga av "Den andre mannen", laga av Vigdis Nielsen
- Hent link
- X
- E-post
- Andre apper
Det finst mange slags mennesketypar. Dei vert delt inn i kategoriar, noko ein kan sei er svært fordelaktig om ein arbeidar innanfor psykiatrien. Vi har ulike former for kategoriseringar, og fagterminologien operer med nemningar som personligdomsforstyrringar, emosjonelt ustabil, narsissistisk, paranoid, schizoid, hysterisk og så vidare. Kategoriene er etter mi meining, utan at eg kan kallast ekspert, eit verkty for å objektvisere "avvikaren". Kategorisering er eit verkty for å tilfredstilla analytikarar og medisinforskarar. Ein skal sjølvsagt ikkje bagatellisera dette arbeidet. Eg vil berre prøva å nyansera dette bilete noko. Ei relevant problemstilling, som mange antakeleg har spurd seg sjølve, er følgjande: Kva med mennesketypane som ikkje passar inn i kategoriane, dei som ikkje treng diagnostiserast. Kven er dei? Er dei gjennomsnittet, summen av den generelle oppfatninga av kva som er normalen ? Er dei daude sjeler? I kv...
SPRÅKSTRID!
- Hent link
- X
- E-post
- Andre apper
I kva forhold til relative forhold til kva er det ein veg ut av desse relative forholda i høve til det nye månen eller var det den gamle i kva tid eller kva snakkar du om språk? Me snakkar og er snakkisar og hengisar med nynorskmafiaen og bokmålsmafiaen i berg og dalbanar me leikar med fisken i havet og me snakkar oss saman i ein leik me leikar og er snakkisar og går på vatnet og trekk vatnet ut or fjorden og spring ned mot botnen og leiar kvarandre der nede i kavet utan båt og ikkje vind, me snakkar og snakkar og er snakkisar og les og kva sa du? I fohold til kva sa du relativt mykje sa du i forhold til det relative sa du men då vart det stopp. Du seier Jamenn Jamenn det heiter ikkje HØVE eller ANDSYNES kven seier slikt i dag det er jo heilt sjukt JO me seier det for me leikar med fisken nedi kavet og me diggar nynorsk me diggar nynorsk ja me diggar og leikar og dugleik og samkvem og andsynes og hugnad og lagnad og hugleik nynorsk er ein leik og ka snakkar du om du skal eg ...