Heime

Eg hatar døden eg hatar livet eg hatar meg sjølv eg tar meg sjølv i døden i livet eg tar meg sjølv her og no hardt i lengselen etter han i det andre rommet. Han er i det andre rommet men langt vekke i den andre galaksen flyg han rundt og skriv sitt eige språk. Han er i det andre rommet men langt vekke Han er levande død lik eg er levande død Eg er lengtande etter hans kjærteikn ord Handling. Blikk. Han ser meg ikkje i det andre rommet - han ser ingen i det andre rommet – eg er i dette rommet og han er i ein annan galakse - flyg rundt og skriv sitt språk - lengtar sårt etter han i rommet mitt - lengtar etter å høyre skritta hans nærme seg rommet - Kvifor kjem han aldri. Kvifor er han aldri - nær meg. Han er her - er ikkje er her - ser ikkje. ”Vi skulle begynt på nytt. Skulle visst det vi siden har fått vite” Skal vi vere gåte for gåte - elskar meg ikkje lengre - flyktar i frå meg inn på det andre rommet - er her inne og han er der ute - kjem aldri til å vera i same rommet. Kanskje ein siste gong - saman er vi like mykje åleine. Saman er vi mest åleine - då er det likevel for seint - driv og driv inn i sin galakse og skriv sitt eige språk - kjenner ikkje det språket lengre. Han kjenner ikkje mitt språk. Han vil ikkje inn i mitt språk, han vil ikkje kjenna sjela si. 
Hatar døden hatar livet vil berre vekk frå livet men ikkje inn i døden - vil heim, veit ikkje kor heime er. Eg har heimlengsel men veit ikkje lengre kor heime er. Eg er levande død - alltid tørst. Sakna elska sakna leva elska sakna elska sakna gråta leva hata. . Eg skal aldri meir elska nokon andre høgare enn han som sit i andre rommet og ikkje ser meg lengre. Eg skal aldri elska meir. Eg skal berre hata. Og vera levande død. Til all tid.

Populære innlegg fra denne bloggen

I nye kroppar

Iran

Historia veit