No har eg røykt ti sigarettar og nytt utsikta på stjerneklår himmel ved fjorden. Det er alltid godt å sitje ved fjorden og kikke opp mot fjelltoppane. Hardt å nå dei er det likefullt. Eg når dei kanskje i morgo, kven veit. Eg har vore der før, som eg også har vore i det svarte vatnet i den svarte tida.
I nye kroppar
I dei førre liva i dette livet i dei neste liva -- sjela utvidar seg gjennom erfaringa vi haustar, bur i våre kroppar eit fengsel, ei oppdaging, ei reise i fysiske omgjevnader tek til oss lærdom gjennom kvarandre som modnast i svevet mellom liva våre, kviler vi trøytte i kosmos til vi reiser oss, grep fatt i fakkelen og gjer oss klare for neste etappe her nede vaknar opp i nye kroppar -- vi møtest att med kjærleiken vi forlêt i neste runde i to nye kroppar med ny visdom sjel legemliggjort