Regnet

Klinkande klare dråpar
kontrastar til
bomullstilvære i været
som
tynger augo
og sløvar stega

tenk å kunne tre inn i dråpane
dryppe ned frå toppane og
lande med eit smell på
hard asfalt

eg vil vera regnet
som sklir nedover bakkane
flyg rundt blant toppane

plagar kroppane
piskar ansikt
og lagar bråk

Populære innlegg fra denne bloggen

I nye kroppar

Iran

Framand