Innlegg

Til Oddny Wallevik (5.6.1937- 10.8.2026)

Det går ikkje an å minnast Besto utan å snakke om litteraturen.  Eg og besto mi snakka alltid om litteratur, heilt til det siste. To dagar før ho gjekk bort, fortalde eg om den siste romanen eg las på og ho svara «åh, det er så mykje bøker!» på ekte Besto- vis  Heilt på det siste ho var nemleg missnøgd over at ho ikkje rakk å lesa den avsluttende boka i ein romantriologi!    Dette seier noko om kor viktig litteraturen var for Besto.  Nokre av dei fyrste bøkene eg las når eg var veldig ung (og sikkert ikkje gammal nok til å lese) var av dei store kvinnelege forfattarane Wassmo, Undseth og Elstad, som ho plukka fram til meg frå bokhylla hennar. Ho gav meg tilgang på eit stort litterært univers, og det la nok eit grunnlag for den store lesargleda eg har i dag.  Eg og Besto snakka ikkje så ofte om personlege kjensler, men me delte leseopplevingar i lag, og knytta bånd slik.  Dei åra etter eg hadde flytta heim til Vallavik i vaksen alder for å jobba på bibl...

Skuggen

ein strek av svart skugge fell på ansiktet  det er eg  stenger ljoset  ute  og trollbinder hendene dine  bak ryggen  med ein hårlokk  i min 

Ekko

det ligg eit museum  i Teheran  overfylt med blodstenkte sjal  og ekko av døde  kvinnestemmer dei er borte  nær 

Iran

bombar regnar over den rakrygga  kjempen  som hadde kasta sjalet dekt av av blod begrava i ruinane  saman med eit barneansikt  utan tårer

HellAbama

gratulerer, djevlar for at de no kan kreve dykk inn i vårt samvit for at de no kan greve dykk ned i vår uskyld vera bøddel og moralske vaktarar slik at vi bak lukka dører kan bere fram politiske born forhandla fram i skammens namn

Forfall

vi skulle vakne opp, hente fram brekkjernet  brekke opp fastklemte rumper ut av sofaen ut av døsen, ut av søvngjengeri og forfall Grønslandsisen smeltar medan du brukar knokane  til å slå i stovebordet for urettvist utkasting av Farmen Alt smeltar og blør, forvitrar og dør medan du dreg i ei prisredusert jakke på Black Friday i reint raseri våkn opp, seier eg plasser føtene på golvet, gå inn på kjøkenet, opn skuffa pakk hjernen inn i plast og send dei 10 prosentane du brukar  av hjernekapasiteten din til resirkulering

I nye kroppar

Bilde
I dei førre liva i dette livet i dei neste liva -- sjela utvidar seg gjennom erfaringa vi haustar, bur i våre kroppar eit fengsel, ei oppdaging, ei reise i fysiske omgjevnader tek til oss lærdom gjennom kvarandre som modnast i svevet mellom liva våre, kviler vi trøytte i kosmos til vi reiser oss, grep fatt i fakkelen og gjer oss klare for neste etappe her nede vaknar opp i nye kroppar -- vi møtest att med kjærleiken vi forlêt i neste runde i to nye kroppar med ny visdom sjel legemliggjort