Innlegg

Om ærlegdom

- Korleis finn vi fram til det ubevisste? Det er uhandgripeleg og kan ikkje forklarast med ord.  Det er noko som er utanfor oss sjølve, noko vi ikkje kan setje på begrep. - Men, kan vi kome i kontakt med dette "noko" som er større enn oss? Korleis kan vi gjere oss fri frå egoet som lagar støy og uro i liva våre? Vel.. vi kan starte med å gå i djupna av oss sjølve, og kjenne på ærlegdom. Er vi ærlege med oss sjølve, er mykje allereie gjort. Då er vi klare for å ta imot det gode, og vere tilstades i stillheita og i verda.  Så lenge vi er tru mot oss sjølve, og har eit fundament eller ei ro i oss,- vil vi kunne akseptere at det unevnelege er rundt oss. Dersom vi sluttar med å motarbeide oss sjølve og let frykt og angst kontrollere oss.. då vil sjølvmedvitet opphøyre, eller få mindre betydning. Då vil vi kjenne oss i eitt med omvgjevnadene.  Det som er utanfor oss sjølve er konstant, og vil alltid vake over oss. Det gjev tryggleik å vite at det finnest ei slik kraf...

Sant VS usant

Eg er di glasrute mot verda Eg er din katalysator mot ei anna røynd Du er meir sann enn eg er usann Du koplar meg på når eg koplar meg av Du er meg og eg er du Men vi er ikkje meir her. Vi er ein annan stad.

Historia veit

Han sa ho var verdig alt. Kva vil det seie å vere verdig alt .. Menneska har ei oppgåve, og det er å gjere seg verdig naturen og planeten vi lånar. Her må vi trø varsamt, bustaden vår vart ikkje sjenkt oss som ei gåve frå gudane våre. Vi er her på slump, om vi likar det eller ei. Det er no slik. Menneska er botnlause og grusame vesen, dei uslaste rovdyr som  slaktar kvarandre og resten av artane til eige føremål. Øydelegg omgjevnadene og raserer grunnlag for liv.Vi elskar oss sjølve, og hatar oss sjølve. Vi skapar det vakraste og øydelegg det i neste augneblink. Vi er sosio-kulturelle individ med naturtilstanden på avstand. Men vegen er ikkje kort til katastrofe og krisetilstand. Slik har det alltid vore, og slik vil det alltid bli.  Vi kan aldri vera verdige nok, berre spør historia. Ho veit. 

På møterommet

tause sit de med strikkepinnane på møterommet og ventar på å kome inn til dei andre som sit klare med dei same kjenslene - historiar om svik og nederlag med håp og forventning - om at alt skal endra seg at behandlinga skal verke at noko skal vekkast og sanninga skal berast fram.  Det er ikkje der inne forklaringane ligg - det er på møterommet de finn svar. 

Oppsøk månen

om du får fred av å høyre bøljeskvulp - oppsøk havet om du får ditt urolege hovud stilna av kraftig vind - oppsøk stormen kjenner du sakn i det store mørkret - oppsøk månen er du redd for livet - gå litt lengre inn kanskje finn du ein peikepinn.

Framand

når du ikkje lenger kjenner på varmen i blodet når gneisten i mageregionen er sløkt når dunken i brystet har stoppa opp og kriblinga i føtene er stilna og du ikkje lenger kan høyre pulsen din slå - vert du ein framand forsømer di eiga sjel - og forlêt den andre.

Tinga i seg sjølv

Når dei siste taktene i prosjektkoret er sunge, strykarane har pakka ned instrumenta og koristane gått heim står du åleine att i kortrappa og kviskrar fyrste tone i verket. når dei siste orda i romanen er lese blar du deg inn att i tekstuniverset og leitar etter fleire teikn. når dei siste utsprunge kronblada på rosetreet er falle av, dreg du med deg krukka inn i huset og tek vare på dei siste knoppane. du vil grave fram fossil, forske på døden og livet og sjå tinga slik dei er i seg sjølv. det er din rett.