Innlegg

På møterommet

tause sit de med strikkepinnane på møterommet og ventar på å kome inn til dei andre som sit klare med dei same kjenslene - historiar om svik og nederlag med håp og forventning - om at alt skal endra seg at behandlinga skal verke at noko skal vekkast og sanninga skal berast fram.  Det er ikkje der inne forklaringane ligg - det er på møterommet de finn svar. 

Oppsøk månen

om du får fred av å høyre bøljeskvulp - oppsøk havet om du får ditt urolege hovud stilna av kraftig vind - oppsøk stormen kjenner du sakn i det store mørkret - oppsøk månen er du redd for livet - gå litt lengre inn kanskje finn du ein peikepinn.

Framand

når du ikkje lenger kjenner på varmen i blodet når gneisten i mageregionen er sløkt når dunken i brystet har stoppa opp og kriblinga i føtene er stilna og du ikkje lenger kan høyre pulsen din slå - vert du ein framand forsømer di eiga sjel - og forlêt den andre.

Tinga i seg sjølv

Når dei siste taktene i prosjektkoret er sunge, strykarane har pakka ned instrumenta og koristane gått heim står du åleine att i kortrappa og kviskrar fyrste tone i verket. når dei siste orda i romanen er lese blar du deg inn att i tekstuniverset og leitar etter fleire teikn. når dei siste utsprunge kronblada på rosetreet er falle av, dreg du med deg krukka inn i huset og tek vare på dei siste knoppane. du vil grave fram fossil, forske på døden og livet og sjå tinga slik dei er i seg sjølv. det er din rett.

Til mødrene

du er flyktig, konstant på innpust og utpust strør rundt deg med med aska frå urnene dine plukkar dagleg på skorpene på huden, i ein blodig kvardag klamrar du deg fast til livet,  du var det beste eg visste, men du glapp meg ut av hendene dine då eg var lita. men det er ikkje for seint, ikkje for tidleg, eg drar ingen stad og eg blir ingen stad. eg ville teke alt ditt på meg, skulle eg fått velje de gav oss livet, det var alt me trong. eg har valt den gode åleineheita, og den skal ingen ta ifrå meg. eg skal vera god, og du skal vera mor. 

Punkt

døra i dødens bakgård opnar seg når eg minst ventar det, og det er trygt. draumane mine vert meir levande når eg ynskjer dei som minst, motet mitt vert styrkt når eg ikkje lengre har trong for det, hugsen min bleiknar når eg tenkjer for hardt. Men minna om deg sviktar meg aldri, det var det du som gjorde.

Den einaste

Den einaste har flytta inn i meg, teke permanent bustad klamrar seg rundt hjartet mitt med eit fast grep. eit glimt av lys er ikkje her Ikkje meir lys her. Den einaste er krafta som nektar å sleppe taket flyt rundt i blodet og legg seg til ro.