skyggen dveler lyset veit.
Innlegg
Kvardag
- Hent link
- X
- E-post
- Andre apper
Klatrar barbeint i trea under soltoppane Klyv lettskodd i fjella under istappane Fell tonn med tømmer i nådeløs skog Ligg på saga under nådetidene Kløyver tømmer i nådetidene Stablar frisk ved i oppovertidene Raserar vedskjul i nådetidene Ligg under stokkane i undertidene Søkk ned i mold i dødetidene Stablar Rasar Hoppar Rasar Stablar Rasar Klatrar Klatrar
Spor
- Hent link
- X
- E-post
- Andre apper
Dei gamle pusta inn skam i kvite korridorar pusta inn tomme augenblink trakka opp spor langs sørgjepostane på det grå nedslitte linoleumsgolvet I dei same romma Dei nye opnar seg i den raumåla veggen er framleis raud med fråvær av motiv Dei gamle døydde, vakna og døydde Dei var kvikksand bak lukka dører i dei same romma Dei nye no stig inn i Døyr Vaknar Døyr Vaknar ...