ein av desse dagane skal vi falde ut historia bade i sølv eige kvart blikk ein av desse dagane er våre augenblinken skal kapslast inn og vi skal sitje stille gå rakt
eimen av Laphroaig og sur tobakk i den blå timen uroa breier seg utover sofagruppa skal eg ta ein til kanskje vert dagen enno utsett kanskje er den omme ved morgongry
du går stadig med eit ynskje om å vere Den Andre den søtlege kjensla av håpet om eit framandt kyss under nyleg utsprungne eiketre Du går stadig rundt med eit ynskje om Den Andre, at eit foster som veks inne i deg skal trengje fram i nye vårar
I hovudet roterer kvininga rundt i pannebarken, fortset nedover høgre delen av ansiktet - Ein kniv vrir bladet roleg rundt i tannkjøtet, rotar nedover i halsgropa, kappar nervetrådar i høgre arm skaftet stikk fleire gonger i høgre hofte og bladet skjer nedover i høgre fot til slutt synk kniven ned i storetåa. fråværet ditt er påtrengande.
medan eg er gift med oktoberstemmer står du på eit fjell og skrik i skrekk med stivfrosne rop i stivfrose rom eg malar meg ut over landskapet går inn i oktoberstemmene himmelen stel varmen susinga av motorteppet trengjer seg på kvilar ryggen tungt mot den kvite søyla på Mont Plaisir omringa av rote lauv og tomme ølboksar dei gamle trehusa står her enno forvitne og kviskrar i kor som om eg kunne halde fast på teppet av oktober