Innlegg

SPRÅKSTRID!

I kva forhold til relative forhold til kva er det ein veg ut av desse relative forholda i høve til det nye månen eller var det den gamle i kva tid eller kva snakkar du om språk? Me snakkar og er  snakkisar og hengisar med nynorskmafiaen og bokmålsmafiaen i berg og dalbanar me leikar med fisken i havet og me snakkar oss saman i ein leik me leikar og er snakkisar og går på vatnet og trekk vatnet ut or fjorden og spring ned mot botnen og leiar kvarandre der nede i kavet utan båt og ikkje vind, me snakkar og snakkar og er snakkisar og les og kva sa du? I fohold til kva sa du relativt mykje sa du i forhold til det relative sa du men då vart det stopp. Du seier Jamenn Jamenn det heiter ikkje HØVE eller ANDSYNES kven seier slikt i dag det er jo heilt sjukt JO me seier det for me leikar med fisken nedi kavet og me diggar nynorsk me diggar nynorsk ja me diggar og leikar og dugleik og samkvem og andsynes og hugnad og lagnad og hugleik nynorsk er ein leik og ka snakkar du om du skal eg ...

Cicero

Leika med eld Var visdom Dei såg han ikkje Levde i vantru Ordkunst er krigskunst Vettuge eller ei Han slo med avsaga hand Og slik enda han

Kva ventar?

Kva ventar utanfor? Ikkje noko, alt er berre heilt stille. Det er heller ingen som står utanfor og gløttar inn glaset. Alt er stilt, kaldt og ei venting. Ei venting. Alt ventar. Alle. Du gløtta aldri inn glaset, du opna det og steig inn. Utan å spørje, steig du inn. Kva ventar utanfor? ikkje noko særskildt. Dei som står der syng alle den same songen, det som er der har ikke endra seg. Kjem aldri til å endre seg. Du banka aldri på den varme ruta, du opna ho og steig inn. Utan å spørje, steig du inn. Og du trampa med begge føtene. Litt hardt, men samstundes mjukt. Hardt og varmt på same tid. Du steig inn. Og ut att. Kva ventar utanfor.

Det onde tre

La det svinge som de herreløse hundene løper la meg svinge i treet der øyet henger fast i treet la meg løpe med de herreløse hundene  - jage - jakt - hvor skal vi? La meg svinge i treet og tenke det ondes problem kan vel bli løst - i treet er det øyet som ser - i treet - øyet i treet det ondes problem kan vel løses med det onde - med de herreløse hundene kan vel alle løpe med. Hva skal man tenke tale leke stoppe hale skite messe le gråte gråte skrike le hoppe over alle de andre og hoppe steile falle ned til bunns. Det bunnløse. La meg svinge i rock'n roll treet utenfor huset, la eplene bare falle ned på den stygggrønne jorden, de stygggrønne eplene kan falle lang fra stammen - helst - la musikken støye gjennom vinduet mens jeg svinger meg i treet, og de herreløse hundene krafser og skriker og vil også være med og svinge seg i treet, men det er vel greit - de kan være med å svinge seg. De faller nok lengre bort fra stammen.  Jeg ønsker ikke å drepe noen i dag.

Den same songen som lukkar hjarte

Faldar seg ut i rommet, finn sine krokar, limer seg fast under senga, taper seg sjølv i tapetet. Inn i armhola knip angsten, lagar merke, blå og vonde. Den dansar rundt i skuggeheimen, i alle fakulteta. Den lukkar hjarte,  byggjer demningar, er kvide og lagar sorg. Stilla, ro. Ro i marg. .. Han leitar, stadig. Han finn ikkje ho. Han vandrar kvilelaust mellom stokkane. Borar neglene i barken, grip tak i håret hennar og riv, grip etter augo hennar kvilelaust mellom trestokkar i skogen, i skuggeheimen På kne. I angsten. Den trivst i mørkre rom. Den knesetjer og trivst godt i krokane. I treverket. I sprekken. Vital kraft som lukkar hjarte

Det umedvitne

Kvernar i kvarven rundt det umedvitne i det halvt medvitne, søvndrukne og trancendente egoet i nattas siste time, det var draumen som skilde meg og meg, dei ulike dramatis personae. Det var draumen som sameinte meg og den andre. Det umedvitne er alltid det djervaste vitne, det kryp med seks svarte bein oppetter veggen i nattas siste ulvetime. I ulvetida.

Leiar i Venelaget Olav H.Hauge

Eg har vorte vald til leiar for det friviljuge laget Venelaget Olav H. Hauge. Her er eit utdrag frå føremålet: "Venelaget Olav H. Hauge sitt føremål er å fremja interessa for Olav H. Hauge si dikting. Laget vart skipa i Ulvik i Hardanger den 21. august 1999, med mellom andre Arne Skjerven, Otto Hageberg og Gunnar Danbolt i styret. Laget tel i dag rundt 250 medlemar, og me samarbeider tett med Ulvik Poesifestival og Olav H. Hauge-stiftinga." Gler meg stort til å ta fatt på arbeidet med å fremje ein av Noregs beste poetar gjennom tidene.  http://www.venelagethauge.no/