Innlegg

Det umedvitne

Kvernar i kvarven rundt det umedvitne i det halvt medvitne, søvndrukne og trancendente egoet i nattas siste time, det var draumen som skilde meg og meg, dei ulike dramatis personae. Det var draumen som sameinte meg og den andre. Det umedvitne er alltid det djervaste vitne, det kryp med seks svarte bein oppetter veggen i nattas siste ulvetime. I ulvetida.

Leiar i Venelaget Olav H.Hauge

Eg har vorte vald til leiar for det friviljuge laget Venelaget Olav H. Hauge. Her er eit utdrag frå føremålet: "Venelaget Olav H. Hauge sitt føremål er å fremja interessa for Olav H. Hauge si dikting. Laget vart skipa i Ulvik i Hardanger den 21. august 1999, med mellom andre Arne Skjerven, Otto Hageberg og Gunnar Danbolt i styret. Laget tel i dag rundt 250 medlemar, og me samarbeider tett med Ulvik Poesifestival og Olav H. Hauge-stiftinga." Gler meg stort til å ta fatt på arbeidet med å fremje ein av Noregs beste poetar gjennom tidene.  http://www.venelagethauge.no/

Lofthus

Raudvin og sovepiller er ein god kombinasjon i (stort sett) alle høve. Det vert litt knall og fall men sova får eg i allefall.

Søråshøgda

har funne meg ein stad. Ein stad til å opne opp. Puste, slappe av i rolige omgjevnader. Tre, blomar, lys, luft. Fridom.

Søvnens lodd

Avlang pinne i rød kimono legger avlange fingre i kryss bak hodet i den avlange svarte divanen med de omsluttende vingene. Divanen synker ned i søvnen, drømmer synker ned i den svarte avlange divanen, pinnene og den røde kimonoen råtner i blod fra de blødende pinnene som synker lenger og lenger ned. I kjelleren, faller gjennom divanen, ned gjennom bjelkegulvet, ned og lengre ned i kjelleren. I et basseng av isvann flyter den avlange kimonoen rundt i kjelleren. Pinnene blør, isvannet tørker inn, pinnene graver seg lengre ned gjennom muren, ned til jordens indre. Kimonoen er oppskrubbet, hjertet er oppsvulmet og alt som er igjen av divanen er aske. 

Luftslott i Hardanger

Er det no ho skal byrje å byggja luftslott i Hardanger Eit ruvande arkitektonisk signalbygg som svev over Hardangerbrua med eit jomfrutårn, der hardangerbrura sit og kikkar ned på bilane, blå båtar, heavy motorsyklar og lastebilar i lyden av motorsus sit hardangerbrura på toppen i tårnet i luftslottet i Hardanger åleine og lener seg til murvindauget, stirrar tomt ned i den tomme fjorden leitar med blikket etter ein bortkommen mann som ligg og flyt ein stad i fjæra hardangerbrura i luftslottet over Hardangerbrua i Hardangerfjorden

Takk skal du faen meg ha

Takk skal du faen meg ha for at du symjer i blodet mitt takk skal du faen meg ha for at du et opp kvar celle i kroppen min takk skal du faen meg ha for at du er min frelsar og min bøddel takk skal du faen meg få då du gav meg liv tok liv takk gud for at du er min frelsar og min bøddel sug ut beinmargen knekkjer ryggraden spreier knoklene samlar dei saman og byggjer slott takk gud for at du er til