Historia veit
Han sa ho var verdig alt. Kva vil det seie å vere verdig alt .. Menneska har ei oppgåve, og det er å gjere seg verdig naturen og planeten vi lånar. Her må vi trø varsamt, bustaden vår vart ikkje sjenkt oss som ei gåve frå gudane våre. Vi er her på slump, om vi likar det eller ei. Det er no slik. Menneska er botnlause og grusame vesen, dei uslaste rovdyr som slaktar kvarandre og resten av artane til eige føremål. Øydelegg omgjevnadene og raserer grunnlag for liv.Vi elskar oss sjølve, og hatar oss sjølve. Vi skapar det vakraste og øydelegg det i neste augneblink. Vi er sosio-kulturelle individ med naturtilstanden på avstand. Men vegen er ikkje kort til katastrofe og krisetilstand. Slik har det alltid vore, og slik vil det alltid bli. Vi kan aldri vera verdige nok, berre spør historia. Ho veit.