No kjem endå eit nytt innlegg. Ei oppteikning frå kjellerdypet. Om tre dagar, fire månadar, kanskje fem år. Då sprekk det. Innvollane har knytt seg så lenge at dei vil sprekke. Umoglege garn av uoppnøsta tanketrådar vil løyse seg opp. Og då skal eg strikke ei jakke der det står "No kjem eit nytt innlegg: Eg sprekk!"
Innlegg
Viser innlegg fra februar, 2012
- Hent link
- X
- E-post
- Andre apper
No har eg røykt ti sigarettar og nytt utsikta på stjerneklår himmel ved fjorden. Det er alltid godt å sitje ved fjorden og kikke opp mot fjelltoppane. Hardt å nå dei er det likefullt. Eg når dei kanskje i morgo, kven veit. Eg har vore der før, som eg også har vore i det svarte vatnet i den svarte tida.
Lukke=illusjon?
- Hent link
- X
- E-post
- Andre apper
Å verte eldre er det same som å byrje eit nytt liv om og om att, sa forfattaren Håvard Rem. (min oversettelse) Men mennesket si lengsle etter lukke, vert den realisert i desse nye liva? Kanskje lukka låg der, ein tendens, ei lukke som me ikkje såg i overgangane. Den lurte under teppet, i treverket.. Eg trur draumen er nyttig, eg trur det er draumen me ber på som gjev oss liv. Sjølvrealisering i dag handlar, etter mitt syn, for mykje om idealet etter å skulle realisere sine potensial. Å skulle ta eigne valg, stå for dei og til slutt, då kan ein få "lukkegevinst". Men er dette nok? Vil ikkje det eine vi strekkjer oss etter, det som vi hardt jobbar mot, det som driv oss. Vil ikkje dette svinna hen, forvitra ved målstreken?