Innlegg

Våren er vår

Våren er vår Einsemda er vår Vår er einsemd Vår er lovnad Vår er sorg Sorgen er vår Våren har voksesmerter Trengjer seg fram Føder nytt liv, ny død Fuglane syng sine einsame elegiar Vinterhåpet smeltar med snøen Våren er naken Vår er død Vår er kretsløp Våren er vår
ei stripe av salt draum renn nedover ansiktet eg tok inn til mitt

Spor

Dei gamle pusta inn skam i kvite korridorar pusta inn tomme augenblink trakka opp spor langs sørgjepostane på det grå nedslitte linoleumsgolvet I dei same romma Dei nye opnar seg i den raumåla veggen er framleis raud med fråvær av motiv Dei gamle døydde, vakna og døydde Dei var kvikksand bak lukka dører i dei same romma Dei nye no stig inn i Døyr Vaknar Døyr Vaknar ...

Heime

Er heime no Der ute Er ankra no Der ute Er varm no Der ute Glir på trygg botn Der ute Det finst mange univers Berre eit er heime Heime er ikkje her. Det er der ute.

Vent

Øvst i huset i eit avlåst kott ein blå fugl sit og ventar Innkapsla. Innfalda. 

Blått makrokosmos

er du havet skal eg kaste meg uti søkkje ned til botnen sveve vektlaust med djupvassfisken i eit blått makrokosmos symje i pusten i salt mørke stupe ned i det blå rommet til eg druknar.

Dine trådar

Tullar meg ofte inn i eit blått, mjukt pledd du vov til meg ein gong. Gøymer meg i dei varme trådane når pusten stoppar opp. Det er slakt og fillete no. Men den vakre veven eg omkransar meg med er dine trådar. Dei slitnar aldri.