Innlegg

Dødsprosessar

sviket borar seg inn i armholene lukta kveler, stenger, forlengar dødsp rosessen nervetrådane krøllar seg saman til eit garnnøste ryggen krøllar seg saman som eit vissent roseblad mjukt mot ein betongstolpe kroppen sig sakte stille ned  i betonghavet, seglar sakte nedover  stolpen eit klagekor av born er ei elv  av tåke som breier seg utover 

Bergen Assembly 2013 - poesi og film

Dei må vere beskytta Om prosjektet: http://bergenassembly.no/nyheter/monday/

1.1. 2014

Å unngå å skjere seg sjølv i bitar, tre inn i 2014 kun i eit stykke. Unngå å vere tannlaus.  Gå til tannlegen. Unngå nattarbeid. Unngå å unngå.Unngå å hive innpå sanningsserum. Unngå sprit. Stå opp før 10.00. Unngå tankelaus stirring. Unngå å sove på dagtid. Unngå soving.  Ete grønt. Ikkje ete noko i det heile, kanskje gras. Drikke tran. Jogge kvar dag. Kvar natt også, helst. Unngå å seie stygge ting. Unngå å seie noko som helst. Unngå folk flest. I verste fall ta springfart og rulle sidelengs ned til kjellermenneska. Opne opp for draumen, den ligg nede hjå tenkjarane. Kjenne seg sjølv. Gløyme seg sjølv?  Lide av, leve med eller leve ut rørslene? Mangt å unngå i 2014. Men leve, det må ein. Livet er  i alle høve ein konstant unntakstilstand, konglomerat av livs- og dødsprosessar.  Kanskje satse på å unngå den likbleike tragedien, men heller omfavne rørslene og livsprosessane.

Blues

Kyssar tonane i utsagnet ditt. Vandrar gatelangs. Blues. Byrden av dei kvilelause føtene, byrda av lyden. Kvilar tungt på pusten. Blues. Ei kronisk redd nerve lammar vegane. Strevar i takt mot tida, spring i takt mot tida. Blues. Ta tida og legg den tett inntil, skriv ut pusten din. Ser ein einsam varde, eit rart ansikt i mengda.

tankar frå Skjerveim - 2013

ta deg sjølv på alvor - bruk stemma ha vyrdnad for dei kviskrande fjella - dei ruvar, som vitne for det som ein gong var, skal du ta med Den fleirstemde historia. Ekko av slagkraftige røyster ta deg sjølv på alvor smelt saman med dei gløymde ideane forvalt kontrakta mellom deg, historia og fjella. då er du fri

Bobla

er under press

lukta av skuggen

lena seg frekt mot kvite bjelkar, hardt stål mot mjukt kvitt tre, lena seg freidig i skuggen av den rotne rododentrodnslekta og frekt med nasen vendt mot jorda - kven sin står berre der, plagar og lagar uro kvar kjem den frå så stille såg den gjennom glaset, fraus - tre dagar seinare var den vekk